Os Venstre inviterer til folkemøte om ferjefri E39

Er korteste vegen den beste vegen? Kva for trasé er best? Flytebru over Bjørnefjorden eller veg innover Fusa?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Ungdomshuset Vårvon
Røtingavegen 330, Søre Øyane, Os

Torsdag 4. oktober kl. 19

Innleiing av prosjektleier ny E39, Bergen-Aksdal
Signe Eikenes, Statens Vegvesen.

Panelet
Terje Søviknes – Ordfører i Os
Hans Vindenes – Ordfører i Fusa
Jon Lund – Frå næringslivet på Stord
Glenn Erik Haugland – nabo til E39 på Søre Neset
Marie Bruarøy – frå Søre Øyane
Møteleiar — Stig Ryland, Speaklab

Medan ordfører Terje Søviknes meinar at det kan kome ein avgjersle om 1-2 år, fortel vegdirektør Terje Moe Gustavsen at løpet i realiteten er kjørt. Ei ny flytebru som kan råke tusenvis av menneske kan med andre ord vere ei realitet før osingane veit ordet om det. Er det slik eit demokrati skal fungere?

Møtet er åpent for alle. Alle kan kome og ta ordet, seia si meining og stille spørsmål.

Arrangør: Os Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**