Venstre vil ha svar om trafikkproblema på riksveg 555

Venstre tok i fylkesutvalet torsdag opp spørsmålet om køane på riksveg 555 mellom Bergen og Fjell.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Spørsmål til fylkesordføraren blei fremja i fylkesutvalet torsdag av Mona Hellesnes. Spørsmålet lyder som følgjer:

Trafikkavviklingsproblem på riksveg 555 mot Askøy og Sotra:
Vi er alle kjende med at her har vore lange køar og trafikkavviklingsproblem over lang tid. Etter sommarferien kan det synast som om tilhøva har blitt forverra, og kapasiteten snart nådd si absolutte grense.

Dette er særs urovekkande med omsyn til beredskap og framkome for naudetatane, men sjølvsagt òg for kollektivtilbod, verksemder og alle einskildpersonar som er avhengige av å reise her kvar dag.

Riksvegen er eit statleg ansvar, men i området mellom Vestkanten og avkjøyringa til Askøy, er der fylkeskommunal veg parallelt.

A) Kva har vore gjort for å få vurdert og iverksett strakstiltak som kan betre tilhøva, til dømes gjennom endra bruk av fylkesveg, auka bruk av hurtigbåt, bussar, spontan samkøyringsprosjekt, o.l?

Alle gode krefter må mobiliserast til felles dugnadsinnsats slik situasjonen har utvikla seg i haust. Vi kan ikkje berre sitte stille lenger og vente på dei statlege løyvingane som skal til for å få eit nytt Sotrasamband.

B) Har fylkesordføraren vore i kontakt med kommunar, offentlege etatar og eventuelt andre organisasjonar som er viktige medspelarar i saka, og i so fall kva er resultatet av dette?

Hurtigbåten til og frå Askøy har fleire gonger den siste tida vore full, og passasjerer har stått igjen på kaien.

C) Har det vore vurdert utviding av kapasitet på hurtigbåten, og kva skal ev til for å gjennomføre ei slik utviding?

Svaret frå fylkesordføraren vil bli lagt ut her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**