Vil ha kommunereform

Venstre vil gje kommunane monaleg meir makt, ressursar og oppgåver på bekostning av staten. Det handlar om å overføre makt frå staten til kommunane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete “slaktar” argumenta for kommunesamanslåing i Nationen idag. Nestleiar i Venstre er usamd og meiner større kommunar er medisin mot sentralisering.

Terje Breivik

Foto: Kåre Pettersen

– Når Navarsete slaktar argumenta for kommunesamanslåingar, seier ho indirekte at ho er såre fornøygd med den enorme sentraliseringa av makt og veksten i statsforvaltinga ho og regjeringa er ansvarlege for, seier nesteleiar i Venstre, Terje Breivik til Nationen.

Desentralisering av oppgåver og makt
I dag står staten for omlag 60% den offentlege tenesteproduksjonen, kommunane knappe 40. Denne fordelinga vil Venstre over tid snu på hovudet.

– I dei sju åra dei raudgrøne har regjert, er det oppretta nesten 17 000 nye statlege arbeidsplassar. Meir enn 1/3 av dei i Oslo. I 2011 voks folketalet i hovudstaden med nesten 16 000, i heimfylket til Navarsete opplevde heile 8 kommunar negativ utvikling. Kva er svaret til Navarsete for å snu dette om ho ikkje vil styrka kommunane på bekostning av staten, spør Breivik?

– Eg er sjølvsagt samd med Navarsete i at grenser gjer identitet og tilhøyre. Men kva vert igjen å føle tilhøyre til om ho og den raudgrøne regjeringa fortset sentraliseringa og statleggjeringa med same tempo som dei siste åra, spør Breivik?

– Ikkje veit eg kva Navarsete legg honnørord i desentralisering og distriktspolitikk, men for Venstre vil sterkare kommunar vere eit viktig tiltak. Kommunesamanslåing er ikkje noko mål i seg sjølv, men nødvendig å for desentralisera makt og oppgåver, og slik styrka distrikta, seier Breivik.

Større kommunar
Venstre vil gje kommunane monaleg meir makt og ressursar, og tilsvarande redusera statens ansvar. I dag står staten for omlag 60% den offentlege tenesteproduksjonen, kommunane knappe 40. Denne fordelinga vil Venstre over tid snu på hovudet.

Terje Breivik

Foto: Jan Kløvstad

– Skal kommunane verta i stand til å handtera ein slik vekst i oppgåver og ansvar, må mange verta større, seier Breivik.

Venstre vil starta ei kommunereform med å omfordele oppgåvene. Når Stortinget er samde om kva oppgåver kommunane skal ha, fastsett Stortinget eit måltal for kor mange kommunar landet skal ha.

– Kommunane får fridom til å finna kvarandre. Ein miks av nye oppgåver og ressursar, og eit inntektssystem som premierar samanslåing, er gulerøtene. Kommunar der topografi eller avstandar gjer det meiningslaust å slå saman, må få unntak, avsluttar Breivik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**