Terje Breivik til åtak på Navarsete om kommunesamanslåing

Nestleiar Terje Breivik i Venstre skuldar kommunalminister Liv Signe Navarsete og den raudgrøne regjeringa for å svekkje distrikta gjennom sentralisering og vekst i statsforvaltning. – Fleire kommunar må bli større, seier han til Nationen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Terje Breivik til åtak på Navarsete om kommunesamanslåing

Terje Breivik til åtak på Navarsete om kommunesamanslåing
Foto: Rune Kongsro

På kommunestrukturkonferansen til Lokalsamfunnsforeininga i Oslo måndag slakta kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) argumenta for kommunesamanslåing.

Nestleiar Terje Breivik i Venstre reagerer på utspelet.

– Navarsete seier indirekte at ho er nøgd med den enorme sentraliseringa av makt og veksten i statsforvaltinga ho og regjeringa er ansvarlege for, seier han til Nationen.

Vil ha sterkare kommunar
Breivik seier Venstre vil ha sterkare kommunar og at kommunesamanslåing ikkje er eit mål i seg sjølv.

– Men det kan vere nødvendig for å desentralisere makt og oppgåver og slik styrka distrikta, seier han.

Venstre ønskjer ei kommunereform, der kommunane skal ta over fleire statlege oppgåver. Det vil ifølgje Breivik vere ein fordel for distrikta.

– I dei sju åra dei raudgrøne har regjert, er det oppretta nesten 17.000 nye statlege arbeidsplassar. Meir enn ein tredel av dei er i Oslo. I 2011 voks folketalet i hovudstaden med nesten 16.000, men i heimfylket til Navarsete opplevde heile åtte kommunar negativ utvikling. Kva er svaret til Navarsete for å snu dette om ho ikkje vil styrka kommunane på bekostning av staten, seier Breivik.

Nokre skal få fritak
Han er samd i Navarsete at grenser, identitet og tilhøyre er viktige aspekt i debatten om kommunesamanslåing.

– Men kva blir igjen å føle tilhøyre til om sentraliseringa held fram med same tempo som dei siste åra, seier han.

Breivik meiner mange kommunar må bli større for at dei skal bli i stand til å handtere veksten i oppgåver og ansvar som Venstre ønskjer.

– Når Stortinget er samde om kva for oppgåver kommunane skal ha, fastsett Stortinget eit mål for talet på kommunar. Dei må få fridom til å finne kvarandre. Ein miks av nye oppgåver og ressursar, og eit inntektssystem som premierar samanslåing, er gulrøtene. Kommunar der topografi eller avstandar gjer det meiningslaust å slå saman, må få unntak, seier Breivik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**