Tilskot til bygging av omsorgsbustader

Kan kommunen få midlar til bygging av omsorgsbustader? Ja, trur Voss Venstre som hadde spørsmål til ordføraren vedk. temaet i førre kommunestyremøte.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


I "Kommunal Rapport" 23/8-2012 kan ein lesa at regjeringa har lova å gjera samarbeid med private aktørar lettare i forbindelse med bygging av omsorgsbustader — der private aktørar står som eigar. Ein ny veiledar skal setja fart i samarbeidet.

Eit problem har vore at det ikkje har vore mogeleg å vidaretildela tilskotet til privat utbyggjar.
Slik innlegget kan tolkast — i fylgje KS Advokatane – er det mogeleg at tilskotet kan nyttast til andre føremål , og så bidra til å finansiera omsorgsutbygging ved å betala høgre leige for plassane.

Som me veit byggjer Voss Kommune omsorgsbustader på Vossestrand i samarbeid med privat aktør.
I oversikten i "Kommunal Rapport" kan eg ikkje sjå at Voss Kommune står på lista over kommunar som har søkt eller sendt forespørsel til Husbanken — som altså forvaltar denne ordninga.

Spørsmål :

1. Kan ordføraren tenkja seg at Voss Kommune kan søkja Husbanken om å få nytta seg av denne ordninga i forbindelse med utbyggjinga på Vossestrand ?

2. Kan det tenkjast at ei slik ordning kan eskalera planar om utbyggjing av omsorgsbustader for eksempel på den sentralt beliggjande "Udlabutomta"?

På vegne av Voss Venstre

Jorunn Ytrefjord

Jorunn Ytrefjord

Foto: Knut Olav Nestås

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**