Nominasjonen til Stortingsvalet

Nominasjonsnemnda, ved leiar Frits Inge Godø, sender i desse dagar ut ein invitasjon til lokallaga, der dei blir bedde om å rangere 3 kandidatar til dei øvste plassane på Stortingsvallista til Møre og Romsdal Venstre til valet neste haust.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Valg 2011

Foto: UKJENT

Fram til no har nominasjonsnemnda samla inn tilbakemeldingar frå lokallaga om kven dei ynskjer som kandidatar. Så langt har nominasjonsnemnda fått tilbakemelding frå 11 personar som kunne tenkje seg ein av dei øvste 3 plassane. Det er desse, samt andre som måtte kome til, nominasjonsnemnda ynskjer lokallaga si tilbakemelding på kven dei ynskjer seg på topp, i prioritert rekkefølgje. Dei 11 er:

Helge Hamre – fylkesleiar, medlem i landsstyret og lokalpolitikar i Volda

Ragnhild Helseth – nestleiar i fylkesstyret og lokalpolitikar i Kristiansund

Pål Farstad – fylkestingsrepresentant og lokalpolitikar i Kristiansund

Kirsti Dale- 1. vara til fylkestinget og lokalpolitikar i Ålesund

Olbjørn Kvernberg – lokalpolitikar i Molde

Frøydis Austigard – fylkestingsrepresentant og varaordførar i Molde

Christian Holstad Lilleng – tilflytt frå Råde i Aust-fold, der han har vore sentral, både lokalt og i fylket. Bur no i Haram.

Britt Giske Andersen – landsstyremedlem og lokalpolitikar i Giske

Steffen Falkevik – lokalpolitikar i Ålesund

Bjørn Wang – medlem i fylkesstyret og lokalpolitikar i Midsund

Arne Bakkedal – lokalpolitikar i Sykkylven

Fristen for tilbakemelding frå lokallaga er sett til 25. september.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**