Rotevatn vs Bovim

Nominasjonsnemnda til Sogn og Fjordane Venstre klarte ikkje å verte einige om kven som skal stå på førsteplassen på Stortingsvallista 2013. – Sveinung Rotevatn og Odd Bovim fekk like mange stemmer kvar av nominasjonsmedlemmene, og det vert difor opp til nominasjonsmøtet 3. oktober i Førde å avgjere kven som får topplassen, seier leiar i nemnda Harald Lindvik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn

Odd Bovim

Odd Bovim

Måndag 3. september hadde nominasjonsnemnda invitert kandidatane som fekk mest stemmer frå lokallaga i prøvenominasjonen, til intervju og utspørjing. På dette møte var Knut Henning Grepstad leigd inn for å styre spørsmål og intervju.

Følgjande kandidatar var tilstades:
– Øystein Djupvik (Naustdal), Gunhild Berge Stang (Askvoll), Sindre Roska (Førde), Odd Bovim (Flora), Sveinung Rotevatn (Eid) og Marianne Øren (Lærdal)

– Møtet var veldig bra, kandidatane var dyktige, seier Harald Lindvik. Nokre av kandidatane hadde på førehand sagt frå om at dei ikkje var aktuell som førstekandidat, men ønskte vere kandidat. – Med mange gode kandidatar på hand så fekk vi til slutt vanskar med å einast om førstekandidaten.

Nominasjonsnemnda si innstilling er sendt ut til lokallaga.


STORTINGSVALLISTE 2011 SOGN OG FJORDANE VENSTRE

Framlegg frå nominasjonsnemnda:

1. Delt innstilling: Sveinung Rotevatn, Eid / Odd Bovim, Flora
2. Gunhild Berge Stang, Askvoll
3. Delt innstilling: Sveinung Rotevatn, Eid / Odd Bovim, Flora
4. Marianne Øren, Lærdal
5. Øystein Djupvik, Naustdal
6. Ida Johanne Ulvik, Sogndal
7. Siv Madeleine Kristensen, Hornindal
8. Sindre Roska, Førde
9. Morten Holmberg, Vik
10. Alfred Bjørlo, Eid

Gunhild Berge Stang

Gunhild Berge Stang

Marianne Øren

Marianne Øren

Øystein Djupvik

Øystein Djupvik

Sindre Roska

Sindre Roska

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**