Buskerud Venstre arrangerer miljø- og klimaverkstad

Buskerud Venstre arrangerer miljø- og klimaverkstad med Odd Einar Dørum og Audun Rødningsby i slutten av september. Målet er å lære meir om miljø og klima og korleis omsetje kunnskapen til praktisk politikk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Agenda: Lokale klimatiltak

Tid: Torsdag 27. september kl. 18.30

Stad: Møterom 2. etg. på pizzarestauranten Jonas B. Gundersen, Bragernes torg 8, Drammen

Servering: Pizza – eigenandel – fylkeslaget har dårleg råd 🙂

Ecologia

Foto: Danilo Prudêncio Silva (Creative Commons)

Odd Einar Dørum er kjent for dei fleste. Tidlegare Venstreleiar og statsråd. Han er no medlem av partiet sitt landsstyre og bruker mykje tid på å reise rundt og besøkje Venstrelag i heile landet.

Audun Rødningsby er miljørådgivar i Venstre si stortingsgruppe. Han er tidlegare generalsekretær i Unge Venstre og har jobba som rådgivar i miljøorganisasjonen ZERO.

Miljøverkstaden er open for alle. Påmelding til meg på [email protected]

KOM OG BLI INSPIRERT OG REIS HEIM OG JOBB FOR Å FÅ GJENNOMSLAG FOR GODE LOKALE KLIMATILTAK!

Med venleg helsing

Gunn-Torill Homme Mathisen

Org. nestleiar
Buskerud Venstre
Tlf. 917 49 885

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**