– Dette er godt arbeid og vel verd å satse vidare på, og Venstre var jo også sterkt med på etableringa av eigedomsforetaket.
– Men Venstre er engsteleg for det høge husleigenivået vi får nå i skolar og omsorgsinstitusjonar. Vi har stor bygningsmasse, noen har sagt vi eig like mykje som heile store Stavanger kommune. Klarer det kommunale foretaket å selje unna nok kommunal eigedom til å halde husleigenivået ned, eller må vi rekne med trongare kår for både skolar og omsorgsinstitusjonar i mange år? Venstre er opptatt av å gjere best mogleg arbeid innan skole og omsorg, og vil følge grundig med på husleigeauke som kan svekke drifta innan viktige område i kommunen. Ein husleigeauke på 10% er Venstre svært skeptiske til. Pål Koren Pedersen stilte spørsmål til styreleiar Peder Syrdalen om det er grunn til å vente stor auke i husleigene også framover, og om vedlikehaldsetterslepet skal dekkast ved auka husleiga eller frå andre postar. Syrdalen kunne ikkje love redusert husleige, og stadfesta at vedlikehaldsetterslepet må dekkast av husleigeinntektene.
Einar Krafft Myhren, SV, bad om at husleigenivået blir balansert, slik at det ikkje er stor forskjell på husleiga for samanliknbare leigetakarar, – berre bestemt utfrå bygingsmessige utgifter der folk bur eller skolar eller institusjonar held til.
I ein replikk til SVs Rune Sævre sa Jan Kløvstad seg svært glad for at eigedomsforetaket gjer så godt og praktisk arbeid med miljø og klima, og at det er all grunn til å vere nøgd med det høge nærveret i arbeidsgrupper som tidlegare hadde langt høgare fråver mens dei var i kommunal avdleing. Venstre er også nøgd med ambisjonane om sosial profil i arbeidet i foretaket.
Rådmann Harald Danielsen kommenterte det han oppfatta som ein blankofullmakt frå bystyret til eigedomsforetaket om husleigeauke poå 10%, og han minna om det same dilemmaet som Pål Koren Pedersen tok opp i eit tidlegare innlegg.