Mange tok testen, og det var stor intresse for Venstres stand alle tre dagane i Arendalsuka. Mange fekk med seg prinsipprogram, 50-60 lytta til den liberale timen med Sveinung Rotevatn, Trine Skei Grande og Hans Antonsen om levekår på Sam Eydes plass, der fylkesleiar Heidi Foyn Thomassen innleia og Jacob Handegard og Pål Koren pedersen hadde stafett med liberale og illiberale sitat. Både liberal quizpub og lokal ungdomsleiardebatt i Venstreregi samla mange på Drømmeplassen. Trine Skei Grande viste styrke både i partileiardebatt og fjernsynssendt debatt om 22. juli-kommisjonens rapport, Ola Elvestuen deltok i debattar om sosialpolitikk og klimaspørsmål og Hans Antonsen og Trine Skei Grande var med i seminar om prosessindustrien.
Og på standen var det dyktige folk frå Tvedestrand, Grimstad, Arendal, Kristiansand og ikkje minst frå Unge Venstre både nasjonalt og lokalt.
Nestleiar Ola Elvestuen og gruppeleiar Pål Koren Bedersen i Arendal bystyre