– Eg håpar at me kan få fleire sykkelstativ i sentrum. Det er eit enkelt ynskje, som eg trur vil vera til glede for mange. Det er til tider frustrerande vanskeleg å finna sykkelparkering. Nokre gongar er det enklare å berre låsa den til det som måtte vera av gjerder og stolpar, der den ofta kan stå i vegen for andre trafikkantar/verksemd, diverre.
Forhåpentlegvis er det nokre av våre flotte verksemder som bit på. Kanskje etter litt ekstra oppfordringar? Sentrumsforeninga har allereie stilt seg positive til dette. Forhåpentlegvis vert det ei enkel løysing.
Det er også ein tanke, kanskje hadde det vore gledeleg å fått bysykklar i kommunen vår. Dette kan vera ein debatt me kan ta, det finnes mange gode sider ved dette, som mellom anna Sunnhordland-journalist Vidar Hope tar opp i si spalte, «For eiga rekning» (10.08.12). Han presenterar mogelegheitane på ein særs god måte. Og dette er noko som kunne vore svært positivt for innbyggjarane i Stord kommune.