Forrige veke offentliggjorde Olje- og energidepartementet vindkraftkonsesjonar som gjev Rogaland 300 nye vindmøller. Konsesjonane gjør Dalane til Noreg sin vindkrafthovudstad.
– Me trur at eit nytt direktorat vil kunna samla kompetanse både innan naturforvaltning og energiplanlegging slik at konsesjonsprosessen skal gå raskare i framtida, seier leiar Kjartan Alexander Lunde i Rogaland Venstre til Dalane Tidende.
– Regionen blir norsk tyngdepunkt for denne sterkt veksande fornybar-industrien. Dalane videregående skole har alt sett i gang den første utdanninga for fagopplæring av vindenergioperatørar, og ved skulen kan elevane skaffa seg eit internasjonalt vindteknikarsertifikat, påpeiker Lunde.