Gode Venstre-vener!
Valet i fjor gav Venstre den høgaste oppslutnaden på fylkestinget sidan 1995.
Då vi som resultat av det gode valet kom i posisjon i fylkespolitikken, hadde KrF, Høgre og Framstegspartiet styrt Hordaland i åtte år. Behovet for eit grønt og liberalt parti som set kollektivtransport, miljøvenleg næringsutvikling og jernbane i første rekkje var tydeleg.
Med våre fire fylkestingsrepresentantar har Venstre vippa fleirtalet i riktig retning ved mange krossvegar i fylkespolitikken. Som fylkesvaraordførar har eg gong etter gong opplevd kor viktig det er å ha Venstre i posisjon i fylket.
Ved å ta ansvar for å sikre belønningsmidlane før jol i fjor, får vi millionar i belønningsmidlar til meir buss og bybane i Bergen om regjeringa lèt oss. Utvidinga av studentrabatten på kollektivtransporten var Venstre sitt verk og eit viktig steg på vegen mot å fjerne heile aldersgrensa. Sikring av snøggbåttilbod i Nord- og Sunnhordland og auka ruteproduksjon for heile fylket er andre døme på korleis kollektivtransporten har fått plass i førarsetet. Kollektiv og miljøvenleg samferdsel har vore hovudprioritering for Venstre denne perioden.
Vi har vedteke ein ambisiøs plan for elbilsatsing i fylkeskommunen. Vi skal gjere kollektivparken i Hordaland fossilfri. Venstre dreiar fylkespolitikken i miljøvenleg retning, og vil vere avgjerande når vi skal nå målet om å redusere klimagassutsleppa i fylket med meir enn ein femdel innan 2020.
Med Alf Helge Greaker som nestleiar i samferdselsutvalet i fylket, Anne-Beth Njærheim som leiar i Kultur- og ressursutvalet, Bjørnar Hamre som medlem i Opplærings-og helseutvalet og underteikna som fylkesvaraordførar, har Venstre fått stor innflytelse i det daglege handsamingane fylket. Det har gjeve resultat, og meir vil komme.
Framover blir fleire viktige saker handsama i fylket. Skulebruksplanen blei nyleg lege ut på høyring. Regional transportplan blir handsama i oktober, der samferdselsprioriteringane for dei neste åra blir bestemt. Her er det rom for mye god politikk i Venstres ånd.
Gjennom vår posisjon i fylket har vi fått gjennom viktig Venstre-politikk som dette fylket har trunge. No førebur vi oss på å vidareføre det ambisiøse arbeidet med å gjere Hordaland til eit føregangsfylke på miljøvenleg transport og grøn vekst.
Difor vil vi gjerne ha innspel og eit tett samarbeid med Venstres medlemmer og tillitsvalde i Hordaland framover, for å levere god Venstre-politikk i fylket både over sommaren og dei neste åra.
God sommar!
Mona Haugland Hellesnes
fylkesvaraordførar i Hordaland og gruppeleiar for Venstre i fylkestinget