Vassdragsvern vann fram

Kommunestyret vedtok i førre møte (21.juni) at det vidare arbeidet med å få vernestatusen for Raundalsvassdraget oppheva, skulle leggjast dødt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Venstres primære framlegg om at Voss kommune ikkje vil oppheva vernestatusen, fall derimot med tilslutning frå KrF, Raudt og nokon stemmer frå SV og Ap.

Ap i samarbeid med SV kom med eit framlegg om å få Stortinget til å vurdera dei nasjonale vassdragsverneplanane på nytt. KrF, Raudt og Venstre stemte subsidiert for det, noko som gjorde at framlegget fekk 23 røyster i salen. 20 frå Sp, H og FrP stemte for administrasjonen sitt framlegg om å føra arbeidet for oppheving vidare.

Stemmegiving

Foto: Microsoft

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**