Reglementfesta Ungdomsråd

I kommunestyret 21.06.12 skal ein gjennomgå politiske reglement og retningsliner for Stord Kommune. Eit av punkta her er eit reglement for komiteane til Stord Kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Forebygging av frafall i idrett blant ungdom - dans

Foto: AA

Her ynskjer me at det skal også innførast ungdomsråd. Der ein seier klårt og tydeleg om at ein ynskjer medlemmer i rådet, etter noverande modell.

Me har per dags dato eit fungerande ungdomsråd, men dette er ofte svært ustabile fora då ein har ofte mykje flytting. Difor burde me arbeida for å oppretthalda eit konsist ungdomsråd, så det ikkje vert for basert på enkeltindivid. Og at det over fleire år kan vera ein instans der ungdom i større grad kan påverka kommunens politikk, noko som er ynskjeleg.

Ungdomsrådet bidreg også til komitéarbeidet i Oppvekst og utdanning, og er ein viktig høyringsinstans i mange saker. I vår før valet hadde ein eit Stordting angåande ungdom og politikk. Der det kom fram at alle sakna ungdom i politikken.

Leiar av ungdomsrådet stilla seg også positiv til dette. Det er eit ganske uproblematisk forslag, og burde vera lite kontroversielt. Men det sender eit signal til ungdom, skular og oss politikarar om at eit ungdomsråd er lika viktig som andre komitear, vera det eit eldreråd, råd for funksjonshemma m.m. Ungdom har ofte vanskeleg for å bli høyrd dei også, det vil me i Venstre gjere noko med.

Håkon Frode Særsten

Foto: Særsten

Håkon Frode Særsten

Kommunestyrerepresentant
og leiar Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**