Nærmar seg UNESCO-arv i Odda

Venstre sikra fleirtalet for å gjere smelteverkstomten i Odda til verdsarvobjekt hos UNESCO. No vil fylkeskommunen setje ned ei gruppe for å sikre framgangen i prosjektet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Mona_Hellesnes_pressebilde_2011_kvadratisk

Foto: Mathias Fischer

Mot Arbeidarpartiet og Framstegspartiet sine røyster, sikra Venstre fleirtalet for å jobbe for verdsarvstatus til smelteverket i fylkesutvalet førre veke.

– Vedtaket i fylkesutvalet er ei klar melding om støtte til fleirtalet i Odda kommunestyre, seier Venstres gruppeleiar i fylkestinget, Mona Hellesnes.

No manar Venstre til tålmod i saka. – Å løfte heile smelteverksområdet er ikkje gjort på eit år, seier ho.

Venstre i Odda og Odda kommune har lenge vore pådrivar for å bevare smelteverkstomten og gjere han til verdsarvobjekt, gjennom lokalt eiarskap med regional medverknad. Fylkeskommunen vil ikkje bli ståande som eigar av den freda tomten, men delta i realiseringa av prosjektet.

– Prosessen må drivast fram lokalt, og formelt kan kommunen stå som eigar, men likevel få hjelp frå regionale og statlege myndigheiter, seier Hellesnes.

Heile saka kan du lese i Hardanger folkeblad 18. juni. Innstillinga frå fylkesutvalet kan du lese i nettutgåva av same avis.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**