Grandane – glimrande forhold for samhandlingsreforma!

Gloppen Venstre har heile vegen signalisert at vi er positive til samlokalisering av heimetenesta og rehabiliteringstenesta i dei nye lokala på Grandane. Her kan du lese Venstre sin gruppeleiar Ragnar Eimhjellen sitt hovudinnlegg i debatten i kommunestyret måndag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Noverande lokale for heimetenesta på Sandane og rehabiliteringstenesta i gamlebygget på Omsorgssenteret stettar ikkje arbeidsmiljøkrava når det gjeld garderobar,toalett, inneklima,
oppmøterom og arbeidsrom. Arbeidstilsynet vil i verste fall kunne stenge avdelinga på dagen
og/eller gje pålegg om utbetring av forholda; noko som i realiteten vil bety nybygg/påbygg. Ei
slik investering vil måtte konkurrere med investeringar i rehabilitering av Hyen skule og
basseng og nye lokale til kunst og handverk ved Gloppen ungdomsskule, to saker som komm.
styret har gjort positive prinsippvedtak om tidlegare i dag.

I denne situasjonen får vi altså presentert eit alternativ med leige av lokale i same bygget som
legetenesta, helsestasjonen, PPT og barnevernet nyleg har flytta inn. Bygget er nyinnreia og
stettar krava brukarane av lokala stiller. Eg vil kalle dette eit "kolumbi egg" som kommunen
her har fått i fanget! For det første slepp kommunen ta opp lån for å bygge nytt dersom
heimetenesta og rehabiliteringstenesta framleis skal vere lokalisert til omsorgssenteret. For det
andre vil samlokalisering på Grandane – der det også er planlagt rom for frisklivssentralen —
imøtekome forventningane i Samhandlingsreforma om samarbeid og samordning mellom
tenestene og førebyggings-og folkehelsetenkinga.

I kommuneval-programmet for denne perioden har Gloppen Venstre ei offensiv program-
formulering om at "Gloppen kommune skal vere i front i gjennomføringa av Samhandlings-
reforma". Gjennom ei fysisk samlokalisering på Grandane av vitale helsetenester har
kommunen eit glimrande utgangspunkt for å kunne framstå som eit "fyrtårn" i fylket når
det gjeld gjennomføring av Samhandlingsreforma.

I staden for å gå innfor ei permanent plassering av heime-og rehabiliteringstenesta på
Grandane, betyr vedtaket i helse-og omsorgsutvalet at dei vil at desse tenestene skal inn i
mellombelse lokale, og slik eg tolkar vedtaket betyr det at det på sikt skal byggast nye lokale
for dei ved Gloppen omsorgssenter. Leiaren i utvalet snakkar om at ei slik plassering vil gje
samordnings-effektar i høve Omsorgssenteret medan tilsette i heimetenesta på Sandane i
brev som er omdelt til komm.styrerepresentantane presiserer at dei i si daglege drift har mykje
meir kontakt med legesenter, ergo-/fysio- og psykiatritenesta enn dei har med Omsorgs-
senteret. Å plassere tenesta i mellombels lokale meiner dei vil bety mindre kontakt med dei
andre tenestene og såleis vere eit steg tilbake i forhold til samhandling til beste for brukarane.

Venstre deler dette synet og vil røyste for rådmannen si tilråding om nye lokale på Grandane
for heimetenesta på Sandane og rehabiliteringstenesta.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**