Uttalelse: Norske fjordar er ikkje avfallsplassar

Venstre sitt landsstyre går mot at norske fjordar skal vere avfallsplass for giftig og forureina gruveavfall.
Londonkonvensjonen mot forureining av havet set forbod mot dumping av avfall til havs. Intensjonen i EU sitt vassdirektiv er å ivareta god og forbetre mindre god vasskvalitet. Intensjonane i Forureiningslova og Naturmangfaldslova er å ivareta natur og artar ved å hindre ureining og miljøskadar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre sitt landsstyre meiner derfor det ikkje er aktuelt at miljøvernminister Bård Vegar Solhjell gir Nordic Mining ASA, som har søkt om rutilutvinning i Engebøfjellet med deponi i Førdefjorden, tillatelse til denne type aktivitet.

Førdefjorden Engebøprosjektet

Foto: Naustdal Venstre

Nasjonal laksefjord
Førdefjorden er ein nasjonal laksefjord, og ein rein og rik fjord. Berre 2-4% av fjellet er rutil, resten av fjellet vert knust masse, som iblanda ukjend type og mengde kjemikalier er omsøkt dumpa rett i Førdefjorden, eitt lastebillass (10 tonn) i minuttet dei neste 50 åra.

Førdefjordsaka vil skape presedens for forvaltinga av dei norske fjordane, verdskjende reisemål, gytestad for ei rekkje artar og basis for omfattande villaks og sjømatnæring.

NUSSIR har søkt om å opne opp att kopargruva i Repparfjord, med dumping av gruveavfallet i fjorden. Titania sitt landdeponi er om få år fullt og ein må vente søknad om på nytt å dumpe i sjøen.

Gruveavfall også i Finnmark
I Finnmark vart det i 2010 gjeve løyve til dumping av inntil 4 mill tonn gruveavfall i året i Bøkfjord, også ein nasjonal laksefjord. Rapportar viser at etter 1-2 års drift har massen ikkje lege i ro som oppgjeve i søknad, men har spreidd seg i heile vassmassen i Bøkfjord.

Fiskeridirektoratet har levert motsegn i Førdefjord- og Repparfjordsaka. Havforskingsinstituttet har i begge saker levert høyringsuttalar og innspel, der dei gjer klart at tiltaka vil ha store miljøskadar på fjordøkosystema og at tiltaka ikkje representerer berekraftig bruk av natur. Dei 4 instansar med størst kompetanse i Norge på marint liv og forvalting av marine ressursar, Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, NIFES og Mattilsynet, har i felles skriv gjort klart at dei går imot fjorddeponi av gruveavfall då dette ikkje representerer berekraftig bruk av natur.

Dumping = miljøskadar
Venstre meiner at slik dumping av gruveavfall vil ha store miljøskadar på fjordøkosystema og at det ikkje er i samsvar med berekraftig bruk av natur. Venstre går derfor sterkt imot at norske fjordar skal vere avfallsplass for gruveavfall iblanda ulike kjemikalier.

Venstre meiner og at det er naudsynt med meir kunnskap om sjeldne mineraler som kan vere tilgjengeleg i gruve- og anleggsavfall.

Venstre vil:

Føre ein restriktiv politikk når det gjeld massedeponering til havs, og på sikt forby dumping av avfall i fjordar.
Pålegge miljørelatert konsekvensutgreiing ved søknad om ny eller utvida gruvedrift.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**