Sluttrapporten om Hallingdal lokalmedisinske senter er klar for handsaming. Dette vil vera ein av dei aller viktigaste sakene for Ål og Hallingdal i nyare tid! Det blir elles bl.a. saker om utbyggingsavtale for Øvre-Ålsåsen og tilkopling til kloakk, tomteprisar for nye tomter i Gunnarhaugen og Vats samt den årlege gjennomgangen av årsmelding og rekneskapen til Ål kraftverk.
Elles har formannskapet hatt oppe sak om bassengdrifta og store kostnader ved utskifting av avfuktarsystem/ventilasjon som no sig på. Formannskapet nedsette ei arbeidsgruppe som fekk i mandat å greie ut om kostnader, bruk og strategi vidare, med mål om at dette kan takast inn i budsjetthandsaminga 2013.