Medlemsmøte på Balestrand Rådhus måndag 11. juni kl 18.30

Det er saker som skal behandlast i utvala den 12.juni som blir tema på møtet.
Dette blir og det siste møtet før ferien.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Saker til begge utvala:
Årsmelding 2011
Tertialrapport 1. tertial 2012

Utval for oppvekst og omsorg:
– Diverse skjenkeløyve
– Samhandlingsreforma – delavtale mellom Balestrand kommune
og Helse Førde
– Fellesleiing ved NAV Balestrand og NAV Høyanger ?
– Demensplan 2015 for Balestrand kommune

Utval for plan og utvikling:
– Hjorteløyve
– Arbeid med etablering av treningsrom
– Søknad om kulturmidlar
– Høyring-konsesjonssøknad for Nessane kraftverk i Balestr.komm.

Ymse:
Er Balestrand perla ved Sognefjorden?
Leiar viser til kaiområdet og parken i sentrum av Balestrand:
– eit stort hol ved ein bossdunk i parken
– ein ruskete og delvis grasgrodd gangveg i parken
– ein dunge med røter og diverse rot på kaien ved sida av servicebygget
– eit stort hol i piren/kaien som ikkje er ordna oppatt

Vil me ha eit slikt sentrum å visa til dei som gjestar oss og også for oss sjølve?

Det er kanskje andre saker me bør diskutera, møt opp og kom med forslag!

Helsing Balestrand Venstre
– Kari Tordis Aarskog –
leiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**