Utkast til skulebruksplan offentleggjort

Fylkesadministrasjonen sitt utkast til skulebruksplan blei offentleggjort før helga. Venstre set pris på engasjementet blant medlemene og veljarane våre for den vidaregåande skulen i fylket, og er opne for innspel fram mot den politiske handsaminga av planen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Mona Haugland Hellesnes

Foto: Mathias Fischer

– No er det offentleggjort eit utkast frå administrasjonen som blir handsama etter sommaren. Utkastet kjem til fylkesutvalet i juni for å bli sendt ut på høyring, før vi avventar høyringsfråsegnene. Vi tek imot alle innspel med takk framover for å gi det beste tilbodet til elevane i fylket, seier gruppeleiar for Venstre, Mona Hellesnes.

Fylkestinget vil vedta den endelege skulebruksplanen i desember. Meir om skulebruksplanen kan du lese her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**