Under forrige utvalgsmøte, fikk representantene tilbakemelding om at det var vanskelig å få tilsatt en kvalifisert energirådgiver, hvis oppgave var i tilknytning til energibruk i kommunale bygg.
Venstre og KrF fremmet derfor kveldens interpellasjon for å etterlyse mer vidtrekkende tiltak. Dersom det ikke ansettes en enøkrådgiver nå, bør man forsøke å utvide stillingsinstruksen til også å gjelde flere saksområder.
Rita Torland fra Venstre understreket at vi ønsket at rådgiveren skulle kunne arbeide med hele saksområdet som omfattes av energi- og klimaplanen.
Interpellasjonen lød slik:
Kommunedelplan for energi og klima vart vedtatt i kommunestyret 9.des
2010. I fylgje rådmannen på møtet i utval for kultur, samfunnsutvikling og
miljø 6.mars dette året, har det blant anna vore vanskeleg å få tilsett
ein eigen energirådgjvar som skal fylgje opp energiprestasjon i
bygningsmassen, samt fylgje opp tiltak i dei enkelte bygg.
I desse dagar ser me at stillinga er lyst ut på nytt og håpar rådmannen har hell med seg denne gongen.
KrF og V meiner at planen er eit godt verkty for å nå målsetjinga om å bidra til at nasjonale og regionale mål innan fornybar energi, energiomlegging, klimagassutslepp og
klimatilpassing vert nådd. I planen kjem det fram at ambisjonen er at Sola kommune skal vere ein pådrivar i dette arbeidet. Dette vil kreve mykje og handlar etter vår meining om meir enn å tilsetje ein energirådgjvar for eksisterande bygg. Dersom rådmannen mislukkast i forsøket på å utpeike ein energirådgjevar også denne gongen, kan det kanskje vere ei løysing å utvide stillingsmandatet til å omfatte oppfylgjing av heile planen. KrF og V ynskjer med dette å setje arbeidet med klima og energi lenger fram på dagsordenen, og dermed bidra til å gje Sola kommune den pådrivarrolla som planen omtalar.
Forslag til vedtak:
Utval for kultur, samfunnsutvikling og miljø ber rådmannen kome
med ei sak til utvalet med ei orientering om ny framdrift av planen, og ei vurdering av kva som må til for å nå måla.