Interpellasjon om Ungt Entreprenørskap

Geir Angeltveit tok opp i komite for Oppvekst og Utdanning spørmål kring Ungt Entreprenørskap.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Den 02.05.12 var det møte i komite for oppvekst og utdanning.

Studenter, høgskole, universitet, studier

– Trykk her for dokumentet (.pdf)
– Geir skreiv tidlegare om Ungt Entreprenørskap her.

Geir Angeltveit stilte følgjande spørsmål;

IS 3/12 – Spørsmål til Komité for oppvekst og utdanning — Entreprenørskap i utdanning — frå
Geir Angeltveit (V)

Entreprenørskap i utdanning er forankra i Kunnskapsløftet, Fylkesplan, Handlingsplan for
entreprenørskap i utdanning m.fl.

Her står det mellom anna:
– Leggja til rette for entreprenørskap på alle nivå i utdanninga, og utvikle ein kultur for entreprenørskap.
– Alle dei vidaregåande skulane skal gje tilbod om opplæring i entreprenørskap.
Entreprenørskap i utdanning handlar om:
– Utvikle personlege eigenskapar og haldningar.
– Lære fag og grunnleggjande ferdigheiter ved bruk av entreprenøriell arbeidsform.
– Lære kunnskap og ferdigheiter om forettningsutvikling og nyskapingsprosesser.

Stord Kommune har vore medlem i Ungt Entreprenørskap sidan hausten 09. Kommunen betalar ei medlemsavgift på 56.000,- pr. år. Då har skulane i kommunen fri/gratis tilgong på veiledning, kursing av lærarar og elevar, igongsetjing og gjennomføring av prosjekt, nettverk for lærarane og elevar, temamøter m.m.

Dette er ein ressurs skulane MÅ nytte i større grad.

Kva må til for å forankra programmet i årshjulet på kvar enkelt skule? Kan dette gå inn i kommuneplanen? Viser til Voss Kommune som har forankra 3 program i grunnskulen i sin kommuneplan. (Vårt Lokalsamfunn i 4. klasse, SMARTere Energi på mellomtrinnet og Elevbedrift i 9. klasse)

Og fekk følgjande svar;
Svar på spørsmål om entreprenørskap i skulen, frå representant Geir Angeltveit, Stord
Venstre

Kommuneplanen for Stord kommune har samarbeid mellom barnehage, skule og arbeidsliv som ein av sine utfordringar. Planen har som ei målsetjing å gje barn og unge tilbod som er tilpassa interesser og anlegg, der kreativitet og kultur er vektlagt. I denne samanhengen er det peika på samarbeid med arbeidslivet.

Målsettingane og formuleringane i kommuneplanen ligg til grunn for revisjon av Styringsdokumentet for Oppvekst i Stord kommune, der entreprenørskap og samarbeid med aktuelle instansar kan få nærare omtale. For ungdomsskulane sin del, er det også naturleg å sjå dette i samanheng med innføring av valfag frå hausten 2012.

Kommunen sitt medlemskap i Ungt Entreprenørskap Hordaland er viktig for skulane, og tilboda dei får derifrå er til god hjelp i arbeidet med å nå kompetansemål knytt opp mot området. I tråd med Kunnskapsløftet har skulane i Stord metodefridom når det gjeld å vurdera kva verkemiddel dei vil nytta for sitt læringsarbeid, men god informasjon frå Ungt Entreprenørskap vil vera med og auka bruken av programma og tilboda deira.

Ungt Entreprenørskap Hordaland ved prosjektleiar Sunnhordland Nina Østensjø Borrevik melder at det har vore god aktivitet i Stord kommune dette skuleåret. Den største utfordringa er å få i gang elevbedrifter på ungdomsskulane, eit område dei vil arbeida med framover, m.a. i samband med innføring av valfag. Eigne modellar spesielt tilpassa dei ulike valfaga er under utarbeiding. Det vert arbeidd med forankring rundt om på dei ulike skulane, og det er særs viktig at leiarane på skulane er aktive i arbeidet med å leggja til rette for bruk av dei ulike programma i opplæringa.

Kommunen har ved fleire høve hatt Entreprenørskap oppe som sak på fagmøta for rektorane, og prosjektleiar for Ungt Entreprenørskap har informert om program og tilbod. Det er også fokus på eit utvida innhald av det tradisjonelle synet på Entreprenørskap, slik at dei sosiale og kulturelle aspekta vert framheva.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**