Elbilsatsing i fylket

Alf Helge Greaker er glad for at fylkesutvalet denne veka vedtok framlegget forfatta av Venstre som i klårtekst prioriterer parkering for el-bilar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Alf Helge miniportrett juni

Foto: ukjent

I fylkesutvalet torsdag 24. mai blei Hordaland fylkeskommune sin plan for grunnleggjande infrastruktur for elbilar i fylket handsama. Planen inkluderer hurtiglading i resterande regionsenter og i passe avstand langs ein rekke vegar. Mellom anna har ein løyva 370 000 kroner til utbygging av hurtigladestasjonar i Odda, Norheimsund, Straume, Eidfjord, Etne og Matre.

– Alle bilar med behov for lading skal vere sikra eit minimum av parkeringsplassar med ladepunkter. Det har det vore forvirring om, og no har vi eit tydeleg vedtak, seier Greaker.

Om parkering heiter det: "Fylkesutvalet oppmodar om at fylkeskommunen tilrettelegg for lading på eigne anlegg og oppmodar kommunane og staten til å gjera det same. Minst 20% av plassane skal ha ladepunkt, kor ein andel må reserverast for ladbare motorvogner.”

Fylkesutvalet oppmodar vidare “kommunane i Hordaland om å leggje til rette for hurtiglading for å bidra til å oppfylle transportmåla i klimaplanen. Gjennom dei kommunale parkeringsnormane bør ein mellom anna stille krav til kjøpesenter om etablering av hurtigladepunkt, og minst 20% av parkeringsplassane bør ha vanlege ladepunkt. Ein andel må reserverast for ladbare motorvogner."

– No forpliktar fylket seg, og dette vil vere viktig når vi skal etablere fleire innfartsparkeringar, forklarer Greaker. Det vil vere store forskjellar på kvar einskild stad kor mange ladepunkt det vil vere behov for, men det viktigaste er at ein har eit minimum som er reservert.

– I utlandet finst det døme på store parkeringshus med ladepunkt på over halvparten av plassane, men der eit minimum av dei er reservert for elbilar. Ein kan ikkje ekskludere alle andre bilar på plassane når det ikkje er behov, avsluttar Greaker.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**