Molde Venstre ryddar etter Dagmar

Etter påtrykk frå Venstre organiserte Molde kommune ein vellukka strandryddeaksjon i mai. Lag og foreiningar rydda tonnevis med søppel frå strendene. Molde Venstre rydda 3 strender på Bolsøya.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Benjamin Eriksen stilte spørsmål i kommunestyret om kommunen ville rydde søppel på strendene i vår. Alle tente på idéen, og det vart organisert ei storstilt rydding og innsamling. Politiske parti, velforeiningar og andre samla søppel, og avfallsselskapet henta dette utan nokon ekstra kostnad.

Dette er ei god venstresak som vi vil følgje opp seinare.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**