SV ofrar Nathan for regjeringsmakt

Geir Angeltveit hadde eit lesarbrev på trykk i angåande den pågåande situasjonen i høve innvandring- og integreringspolitikken til regjeringa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


– Dette lesarbrevet var på trykk i Bladet Sunnhordland 23.05.12.

I 2005 vart ein liten gut fødd på Stord Sjukehus. Denne guten var Nathan på no sju år. Nathan er «opphavleg» frå Etiopia, om ein skal definera nasjonalitet frå foreldres fødestad.

Grete Faremo

Nathan skal nemleg «returnerast». Diktar Jan Erik Vold tok for seg dette ordet. Retur, det er noko ein gjer med ei vare som er kjøpt, ein pakke som er sendt osb. Ein returnera det til opphavet, leverer det tilbake der det kom frå. Det ein gjer i dette tilfellet er som Vold skriv, å deportere.

Nathan er fødd på Stord Sjukehus, budde litt i Kvinnherad før han flytta til Bergen med familien. Etter sterke demonstrasjonar, blei Nathan reine symbolet på ein inhuman innvandring- og integreringspolitikk. Og vart frontfiguren for 450 andre born i same situasjon.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har i regjering gått inn for denne politikken, med støtte frå Høgre og Framstegspartiet. Ein politikk der born vert verande i landet i 7 år, med ein uavklart situasjon. Der ein har fått til ei unik returavtale med diktaturstyret i Etiopia. Samt sett innvandringsregulerande omsyn framføre bornas beste, heller enn å setja folk først.

Sjølv om SV har kjempa mot dette internt i regjeringa, så tar eg dei med her. Då Venstre la fram eit representantforslag på Stortinget som ville redda borna ut av denne situasjonen, så fekk ein berre støtte frå KrF. Med den argumentasjonen at då ville regjeringssamarbeidet vore over. Slik det blei då SV saman med Venstre røysta mot Ap på til dømes Datalagringsdirektivet..?

SV vil veldig gjerne vente til det blir lagt fram ei stortingsmelding om «Born på flukt». Regjeringas effektivitet som papirmølle er imponerande. Eg skal hugse å sende stortingsmeldinga til Nathan i Etiopia.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Med liberal helsing,
Geir Angeltveit

Kommunestyrerepresentant
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**