Regionsamling for Hardanger/Voss med prøvenominasjon

Det vert arrangert regionsamling for Venstrelaga i Hardanger og Voss onsdag 13. juni kl. 18.15 på Jaunsen Gjestgjevarstad i Granvin sentrum.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


På denne samlinga kan du som er medlem mellom anna vere med å avgjere kven som vert å toppa lista for Hordaland Venstre ved stortingsvalet 2013.

Aktuelle kandidatar til ei høg plassering på stortingsvallista kjem til samlinga og får presentere seg før det vert debatt over ulike tema og spørsmålsrunde.
Aktuelle tema:
Landbruk, lokalsjukehus, samferdsle der kollektivsatsning ikkje er gjennomførbart, kommunestruktur.

Etter debatten vert det prøvenominasjon.

Lett servering.

Alle medlemmer i regionen vert oppmoda til å møte på denne viktige samlinga!

Meir informasjon om programmet kjem etterkvart.

Påmelding innan søndag 10. juni til Sverre Kleivkås på 99 16 28 61
Sverre svarer óg på spørsmål ein måtte ha.

talerstol

Foto: sxc.hu

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**