Den årlege tilstandsrapporten frå grunnskulen i Bø

Kristin Ødegard Vestgarden hadde følgjande skulepolitiske innlegg på kommunstyremøtet mandag 21. mai:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Den årlege tilstandsrapporten frå grunnskulen i Bø

Kommunen som skuleeigar pliktar kvart år å legge fram ein tilstandsrapport for grunnskulen. Det er viktig! Det er kommunen, dvs me politikarar, som har ansvaret for at skulen er ein bra skule og at ungane våre får den oppfølginga som dei har krav på slik at dei er best mulig rusta for vidare utdanning og vaksenlivet.
For Venstre som vil vera ein aktiv skuleeigar, må me få slike rapportar, me må heile tida vera informerte og oppdaterte på korleis skulen fungerar. Skal me oppnå god skule må me i dialog slik at me saman med dei tilsette kan ta dei rette grepa.
Rapporten tek for seg ulike sider av skulen, trivsel med lærarane, mobbing på skulen, fagleg rettleiing, mestring, faglege utfordringar, resultat frå nasjonale prøver, karakterar, grunnskule poeng, overgang til VGS og tilslutt ein rapport frå vaksenopplæringa.
Eg har i fleire år fylgt skulane i Bø på nært hold. Eg har sett korleis lærarane har omsorg for ungane våre, korleis dei fylgjer dei opp, korleis dei organiserer læring. Eg har mange gonger vore imponert.
Ja, lærarane sin plass på skulen er ein av dei viktigaste føresetnadene for at det er ein god skule.

I Bø ligg lærartettleiken på barneskuletrinnet på nasjonalt nivå, mens på ungdomsskulen ligg den godt over.
Til hausten ligg det i budsjettet to nye stillingar på barneskuletrinnet, noko som vil løfte lærartettleiken også på barneskulen.
Rektor på ungdomsskulen skriv i ein kommentar at den faglege rettleiinga er dårlegare enn målsettinga og at årsaken til det er dårleg lærartettleik. Noko som ikkje stemmer. Ungdomsskulen ligg godt over både i forhold til fylket og på landsbasis.
Det er betenkeleg at talet på barneskuleelevar som føler seg mobba på skulen ikkje har gått ned, men er på same nivået som sist. Målsettinga om nulltorelanse for mobbing, er eit mål ein bør nå. Eller eg har lyst til å si skal nå.
Kjensla av meistring er viktig for ein som går på skule. Skulen må ta det alvorleg, og dei må arbeide målretta.
Det er viktig at elevane får følelsen av meistring, at alle får ein følelse av å kunne noko og at dei får styrka si eiga sjølvkjensle. Alle har ikkje dei same føresetnadene for å lære, og alle skal ikkje lære det same.

Eg ser framfor meg guten som ikkje interesserer seg for å lære om Ibsen og Hamsun, men som bare sit og gler seg til friminutta, da skal han ut og skru på sykkelen sin, der er det nemleg ingen som slår han, der er han best.
Eller jenta som gruar seg til friminuttet fordi ho ikkje har det rette merke på genseren, men som når ho er aleine har den flottaste songstemma og som vil gå på musikkhøgskulen når ho blir stor
Eller jenta som er fyrst ferdig med alle oppgåvene og blir eit uromoment i klassa fordi ho ikkje får store nok utfordringar.
Ein av dei viktigaste lærdomane ein kan få, er at me er alle like viktige, og at me alle er flinke til noko.

Tilrettelagt undervisning for alle er eit mål, og i konklusjonen i rapporten står det:
«Det er eit klart faresignal at talet på elevar som presterer på høgste eller lægste nivå ser ut til å auke, medan midtskiktet blir blitt redusert. I det vidare arbeidet i grunnskulen må vi difor ha særskild
merksemd på å løfte dei som presterer frå middels og nedover opp.»
Sjølvsagt er det viktig å løfte dei som er i den nedre gruppa oppover, men me må ikkje gløyme at dei i den øvste gruppa også treng å bli sett, og må få undervisning, oppgåver og utfordringar i forhold til det nivået dei ligg på.

Når me då ser at Bø ungdomsskule scorar høgt på faglege utfordringar er det bra og veldig positivt, men eg er glad for at ungdomsskulen ser utfordringane i å halde seg på dette nivået og kanskje løfte seg enda høgare.

Nasjonale prøver
Me ser på nasjonale prøver at skulane i Bø ligg jamt over ganske så likt med andre skular. Det er ikkje dei store forskjellane. Barneskuletrinnet har scora noko dårlegare enn tidligare, mens ungdomsskuletrinnet har gått noko opp. I 10-ande klasse ser vi at grunnskulepoenga ligg jamt litt over dei ein ønskjer å samanlikne seg med. At resultatet både i norsk og matte er for dårleg, tek skulen tak i og har tankar om korleis skulen skal løfte dei elevane som ligg i desse gruppene.

Men eg spør: er det godt nok?
Eg skulle ønskje me her i Bø kunne slå oss på brystet og si at når det gjeld grunnskulen i BØ, ligg me godt over dei andre og at dei kjem til Bø for å sjå kva me gjer som er så rett.
Me skal ikkje vera fornøgd med å vera like gode som alle andre, me skal vera litt betre.
Til slutt har eg lyst til å si at det fyrste ein nyvalt lokalpolitikar skulle få opplæring i, det er å lese rapportar. Det er ei utfordring og det er ikkje bestandig like lett!
Men likevel, og med det hjertesukket ser eg fram til neste års rapport, der skulane i Bø har tatt tak i utfordringane og løfta seg fleire hakk.
Det må vera målet med ein slik rapport å bruke den som eit arbeidsreiskap, og kunne sette inn ekstra krefter der det trengst.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**