SV, AP og FRP redde for lokaldemokratiet?

-Så sprakk det historiske kompromisset om å grunnlovsfeste lokaldemokratiet. AP og FRP har snudd og seier nei til å vere med på å styrke lokaldemokratiet i Noreg gjennom eit grunnlovsvedtak. Dei er redde for at kommunane skal få for mykje makt i høve til staten. Dermed er det ikkje fleirtal i Stortinget for ei grunnlovsfesting av lokaldemokratiet.
Gunn Berit Gjerde, representant i Europarådet for KS, skriv dette i eit leserbrev i regionavisene i fylket 16.mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Gunn Berit Gjerde

Foto: nn

Heile lesarbrevet:

SV,AP og FRP redde for lokaldemokratiet?

Så sprakk det historiske kompromisset om å grunnlovsfeste lokaldemokratiet. AP og FRP har snudd og seier nei til å vere med på å styrke lokaldemokratiet i Noreg gjennom eit grunnlovsvedtak. Dei er redde for at kommunane skal få for mykje makt i høve til staten. Dermed er det ikkje fleirtal i Stortinget for ei grunnlovsfesting av lokaldemokratiet.

Dette er flaut for Noreg som i alle samanhengar ute snakkar om eit sterkt lokaldemokrati. Noreg følgjer ikkje opp sine internasjonale forpliktingar. I alle dei fire åra eg har site i Europarådet sin Kongress ilag med representantar frå resten av Europa, har grunnlovsfestinga av lokaldemokratiet vore eit dårleg tema for Noreg sine representantar. Men vi har svart at det er på veg og at vi ventar at dette snart går gjennom Stortinget.

Gjennom Europarådets Charter har vi forplikta oss til å gjere vedtak om det lokale nivået i konstitusjonen vår.
Ser vi det sanne andletet til dei tre mest statstrugne partia SV, AP og FRP med dette? Er dei så redde for at staten kanskje skal måtte gi frå seg bittelitt makt nedover i systemet at dei ikkje kan opptre på lik line med resten av Europa. Det tyder på ei ukueleg tru på einsarting av samfunnet vårt.

Det blir flaut å diskutere lokaldemokrati i Europarådet etter dette!

Gunn Berit Gjerde (V)
Mangeåring representant i Europarådet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**