Venstre seier nei til norske fjordar som avfallsplassar for gruveavfall

Londonkonvensjonen mot forureining av havet set forbod mot dumping av avfall til havs. Intensjonen i EU sitt vassdirektiv er å ivareta god og forbetre mindre god vasskvalitet. Intensjonane i Forureiningslova og Naturmangfaldslova er å ivareta natur og artar ved å hindre ureining og miljøskadar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Trine Skei Grande og Engebøsaka

Nordic Mining ASA har søkt om rutilutvinning i Engebøfjellet med deponi i Førdefjorden, som er nasjonal laksefjord, og elles ein rein og rik fjord. Berre 2-4% av fjellet er rutil, resten av fjellet vert knust masse, som iblanda ukjend type og mengde kjemikalier er omsøkt dumpa rett i Førdefjorden, eitt lastebillass (10 tonn) i minuttet dei neste 50 åra. Eller omkring 6 mill tonn i året, fleire hundre mill totalt.

Førdefjordsaka vil skape presedens for forvaltinga av dei norske fjordane, verdskjende reisemål, gytestad for ei rekkje artar og basis for omfattande villaks og sjømatnæring.
NGU skriv i rapport av 2011 at ein kan utvinne mineralverdiar for 1500 mrd kroner på norskekysten, om ein tillet dumping av massane i fjordane.

NUSSIR har no søkt opne opp att kopargruva i Repparfjord, med dumping av gruveavfallet i fjorden. Titania sitt landdeponi er om få år fullt og ein må vente søknad om på nytt å dumpe i sjøen.

I Finnmark vart det i 2010 gjeve løyve til dumping av inntil 4 mill tonn gruveavfall i året i Bøkfjord, også ein nasjonal laksefjord. NIVA-rapportar viser at etter 1-2 års drift har massen ikkje lege i ro som oppgjeve i søknad, men har spreidd seg i heile vassmassen i Bøkfjord.

Venstre går sterkt imot at norske fjordar skal vere avfallsplass for gruveavfall iblanda ulike kjemikalier.

Fiskeridirektoratet har levert motsegn i Førdefjord- og Repparfjordsaka.
Havforskingsinstituttet har i begge saker levert høyringsuttalar og innspel, der dei gjer klart at tiltaka vil ha store miljøskadar på fjordøkosystema og at tiltaka ikkje representerer berekraftig bruk av natur. Dei har også peika på særs mangelfullt kunnskapsgrunnlag i KU (konsekvensanalysa). På oppdrag frå KLif har UNIS (Svalbardforsking) gjennomgått materialet frå NIVA og HI, og kjem til same konklusjonar som HI. Dei 4 instansar med størst kompetanse i Norge på marint liv og forvalting av marine ressursar, samt mattryggleik, Fiskeridirektoratet, Havforskningsinstituttet, NIFES og Mattilsynet, har i felles skriv gjort klart at dei går imot fjorddeponi av gruveavfall då dette ikkje representerer berekraftig bruk av natur.

Norges Fiskarlag, Fiskeri- og Havbruksnæringens hovudorganisasjon, Norske Lakseelever, Norges Jæger og Fiskeforbund, samt ei rekkje miljøorganisasjonar har levert uttalar der dei går imot at det vert dumpa gruveavfall i Førdefjorden og Repparfjord.

Internasjonal måltrend for handtering av gruveavfall i dag, er avfallsminimering, ved bruk av mest mogleg avfall og evt tilbakefylling i gruvene. Dei fleste land har forbod mot å dumpe gruveavfall i sjø. I dag kun er det Norge, Tyrkia, Indonesia og Papa Ny Guinea som praktiserer dumping i sjø og dermed er åleine i verda om å bryte med internasjonal miljøpraksis.

Kontaktperson:
Marit Barsnes Krogsæter, fylkesleiar Sogn og Fjordane Venstre, tlf 909 98 121

Førdefjorden Engebøprosjektet

Førdefjorden Engebøprosjektet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**