Tildelingar frå Gaulafondet våren 2012

10. mai har Gaular kommune delt ut midlar frå Gaulafondet for våren 2012. Tilsaman 282 500,- kr blei delt ut.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Det var kome 8 søknadar til fondet før fristen 15. mars. Samla søknadsum var på omlag 1,5 millionar. 5 av søknadane fekk innvilga heile eller delar av søknadsummen. Desse er:

  • Gaular IL får innvilga 60 000,- kr til betring av tursti til Storehesten Opp
  • Ole Johannes Øvretveit får innvilga 60 000,- kr til montering av 12 granittsoklar til prosjektet «12 steinar»
  • Åmot Operagard får innvilga 100 000 kr til flytting av eldre hus
  • Hallvar Hauken får innvilga 12 500 kr per år i tre år framover (2012 – 2014) for betring av myrjord, tilsaman 37 500 kr.
  • Yndestad Mekaniske får innvilga 50 000 kr til kjøp og opparbeiding av areal til industriområde.

Dette var første utdeling for 2012. Samla ramme for utdeling i 2012 er på 550 000 kr. Resten av desse, 267 500 vil bli delt ut til hausten.

Håvard Korsvoll – Gaular Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**