Eit samfunn basert på tillit

Lesarbrev frå Geir Angeltveit om narkotika-razziar som Stortinget (utenom Venstre) ynskjer å gjennomføre. Heldigvis fekk Venstre snudd Stortinget til å gå med på å måtte ha elevers godkjenning på førehand.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


– På trykk i Bladet Sunnhordland, 11.05.2012

Stortinget

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

Førre år sikra Høgre fleirtal for Datalagringsdirektivet i Stortinget saman med Arbeidarpartiet. Denne veka arbeidar dei også saman for at politiet skal kunna ransaka elevar på skular på jakt etter narkotika. Det er trist å sjå eit parti som opnar sitt prinsipprogram med å seie at dei «vil byggje samfunnet på tillit til enkeltmennesket», eigentleg ikkje har tillit til enkeltmennesket.

Stadig meir informasjon om vert samla inn kvar dag. Kamera på gatehjørna og på bussen, registrering av busskortet ditt, bankkortet ditt, e-posten du sendte osb. Til saman utgjer dette ei skremmande mengd.

Me ser også korleis DNA-registrering av uskuldige menneske vert stadig meir nytta. Fleire gonger har politiet bedt om testing av DNA frå alle personar som var i nærleiken av eit brotverk. Dette er ei mistenkeleggjering av folk som ikkje høyrer heime i ein stat basert på tillit.

Så er det mange som innvender at «eg har jo ingenting å skjule». Berre fordi det eg gjer ikkje er kriminelt, tyder ikkje det at eg vil at andre skal få veta om det. Mitt liv er mitt liv, og eg skal sjølv ha kontroll på informasjonen om det. Statens rolle i samfunnet er å beskytte sine borgarar, ikkje kontrollera og overvake dei.

 Johan Sverdrup ville snudd seg i grava!

Johan Sverdrup ville snudd seg i grava!
Foto: Wikipedia

Når Stortinget no røyster for narkotikarazzia på skular som «førebyggjande arbeid», er det berre Venstre som røyster mot. Det er fordi me liberale meiner at ei ransaking av elevars eigedelar er eit brot på elevars personvern og rettstryggleik. Me meiner at skulen skal kjempe mot rusproblem gjennom tillit og helsehjelp, ikkje gjennom frykt og politihundar.

Personvern har vorte sett på som ei nisjésak, noko som av og til må tas litt omsyn til når ein vil andre ting. Men personvernet må vera sjølve grunnlaget. Demokrati føresett at det er borgarane som kontrollerer staten, ikkje staten som kontrollerer borgaren. Difor meiner me at staten ikkje har rett til å samla inn informasjon om din digitale kommunikasjon. Eit liberalt samfunn baserar seg på tillit. Då må staten stola på sine innbyggjarar.

Med liberal helsing,
Geir Angeltveit
Kommunestyrerepresentant
Stord Venstre

Oppdatert:
Venstre klarte å snu Stortinget til at ein må ha elevers eller føresattes godkjenning for å kunna gjennomføre dette. Ein siger i ein større kamp mot “krigen mot narkotika.”

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**