– Løyser ikkje sosiale problem ved forbod

– Å forby tigging er å forby folk å be om hjelp, og det er ikkje rett. Sosiale problem må ein løyse med sosiale tiltak. Vil ein gjere noko med fattigdom, er det ikkje gagn i å forby å vere fattig, seier Venstres nestleiar Terje Breivik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Venstre meiner at eit forbod mot tigging er eit dårleg fattigdomstiltak.

Venstre meiner at eit forbod mot tigging er eit dårleg fattigdomstiltak.
Foto: Microsoft

– Eg er samd med Høgres nestleiar Bent Høie som har sagt at ein ikkje kan løyse sosiale problemer gjennom forbod. Vi er også samde om å oppheve forbodet mot sexkjøp fordi det ikkje fungerer, og fordi det gjer situasjonen verre for de som har det mest vanskeleg. Spørsmålet om tigging er i høgste grad samanliknbart, meiner Breivik.

Renovasjonspolitikk
– Sist Venstre sat i regjering vart lausgjengarlova oppheva. Det nye no er at vi har fått tiggarar som ikkje er rusmisbrukarar som del av bybiletet i mange byar. Dei tilhøyrer Europas mest forfølgde minoritet, romfolket. Dersom det å halde gatene reine og fri for synleg sosial naud blir viktigare enn å gjere situasjonen betre for dei mest utsette av oss, så må det kallast renovasjonspolitikk.

Det vert hevda ein samanheng mellom tigging og organisert kriminalitet, utan at forskarar har klart å påvise at ein slik samanheng finst. Men organisert kriminalitet er altså framleis ulovleg, og Noregs grenser er framleis opne for menneske frå Romania, Bulgaria og andre deler av EØS-området.

Målretta tiltak
– Utan målretta tiltak vil organisert kriminalitet og menneskehandel fortsatt finne sted, påpeikar Breivik. – Eit forbod mot tigging rammar dei som ikkje er del av eit organisert kriminelt miljø: Dei som søkjer ei betre inntekt enn den dei har i heimlandet, og rusmisbrukarar som no må ty til kriminalitet.

Les Venstres 25 fattigdomstiltak som vart fremja under handsaminga av Fordelingsmeldinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**