Venstredag på Kystkultursenteret på Langøy 9. juni

Venstrelaga i Vest-regionen inviterer til «Venstredag» på Kystkultursenteret på Langøy 9. juni. Dagen startar med Venstreskulen og samferdselsdebatt. På kvelden vert det uformelt sommartreff og høve til å verta betre kjend med partifeller og venstrevenar frå Fjell, Sund og Askøy.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Alf Helge miniportrett juni

Foto: ukjent

Venstreskulen trinn 1 er eit firetimars introduksjonskurs til partiet Venstre. Kurset tek føre seg historie, organisasjon, ideologi, dei mest sentrale sakene og korleis driva politisk påverknad. Eit oppfølgjande kurs for aktive medlemar vil verta halde til hausten.

Hurtigbåt

Foto: privat

Samferdselsdebatt
Kursleiar denne dagen vert Alf Helge Greaker. Han er fylkestingsrepresentant og nestleiar i Samferdselsutvalget i Hordaland. At samferdselstema og -debatt vil setja preg på dagen, bør difor ikkje overraska. Programmet for introduksjonskurset er no klart.

Kl. 12.00 Velkomen og introduksjon
Kl. 12.10 Erfaringar med ekspressbåtruter i Bergens-området, v/ styreleiar Helge Skaar i BNR. Tid til spørsmål.
Kl. 13.00 Venstre, historie og organisasjon
Kl. 13.15 Ideologi
Kl. 13.45 Kort pause med einkel servering
Kl. 14.15 Politikk
Kl. 14.45 Politisk påverknad
Kl. 15.30 Politisk tema: Regional transportplan. Sotrasamband, bybane, ekspressbåtruter og andre kollektivløysingar.
Kl. 16.00 Slutt på Venstreskulen

Kl. 17.00 Sommartreff — korgfest — ta med mat og drikke

Mat, frukt, grønt, jordbær

Foto: Microsoft


Regionalt samarbeid

Dagen er eit samarbeid mellom Fjell Venste, Sund Venstre og Askøy Venstre. Både nye og gamle medlemmar er velkomne. Det er mogeleg å delta berre på eine delen av arrangementet.

Deltakaravgift vert 50 kroner.

Påmelding til Per Svein Dufva tlf, 91 54 08 62, innan 1. Juni.

Vegbeskrivelse til Langøy: Kjør riksveg 555 til Fjell Kyrkje. Sving inn riksveg 559 og følg denne til du kjem til Skålevik skule, der er det skilt til Langøy. Kjør over brua og sving til høgre. Etter eit par hundre meter har du ein liten parkeringsplass på venstre side der du kan setje i frå deg bilen. Fylg pila under skiltet og gå grusstien ned til senteret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**