9. juni – set av tid til Venstreskulen

Ønskjer du betre gjennomslag som Venstre-politikar? Laurdag 9. juni kan du utvida kunnskapsgrunnlaget på Ventreskulen. Kurset er for Venstremedlemar i Fjell, Sund og Askøy, og vert halde på Kystkultursenteret på Langøy. Fylkestingsrepresentant Alf Helge Greaker vert kursleiar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstreskulen trinn 1 er eit fire timars introduksjonskurs til partiet Venstre. Kurset tek føre seg historie, organisasjon, ideologi, dei mest sentrale politiske sakene, politisk påverknad og Venstre på nett.

Ekspressbåtruter?
Ekspressbåtruter som nytt kollektivtilbod i Region Vest vil vera politisk tema på kurset. Styreleiar Helge Skaar i BNR vil orientera om erfaringane med Beinveien og båtruta Bergen — Nordhordland. Han vil og vera med å diskutera kva som skal til for å etablera konkurransedyktige båtruter til Sotra og Øygarden.

Husk påmelding!
Kurset vert halda i tidsrommet 12 — 16.00. Vi kjem tilbake med endeleg program.

Både nye og gamle medlemmar er velkomne. Einkel servering. Deltakaravgift vert 50 kroner.

Påmelding til Per Svein Dufva tlf, 91 54 08 62, innan 1. Juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**