– Eit samla Vestland står bak kravet om at kvikksølvet må opp av havet. Regjeringa må halde løftet sitt om å heve vraket av U-864, sa Mona Hellesnes til ministeren.
Venstres gruppeleiar i fylkestinget og fylkesvaraordførar framheva kor viktig heving er for den norske fiskeri- og eksportindustrien. – Vestnorsk sjømat er i verdsklasse. Det kan ikkje vere tvil om at denne maten er giftfri. Rein natur er også særs viktig for reiselivet i Noreg, og spesielt på Vestlandet. Om regjeringa går for tildekkingsalternativet, er det rett og slett uakseptabelt, sa Hellesnes.
Heile saka kan du lese her.