Venstre fekk ingen lovnader om nye omsorgsbustader

I førre kommunestyremøte fremja Venstre-representantane Jorunn Ytrefjord og Knut Olav Nestås ein interpellasjon om bygging av omsorgsbustader. Venstre meiner det er økonomisk rom for bygging, så lenge kommunen får drahjelp frå private aktørar. Ordføraren var open for “gode løysingar”, men var ikkje konkret i høve til bygging eller kor desse eventuelle omsorgsbustadane skulle ligga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

Jorunn Ytrefjord

Foto: Knut Olav Nestås

Venstres politikar i utval for levekår, Jorunn Ytrefjord, sa m. a dette i kommunestyret: – Venstre vil ha dette prosjektet på sida av økonomiplanen og budsjetta framover. Me veit det er nedskjeringar i vente og neppe rom for eit offentleg fullfinansiert prosjekt. Men dette ligg uansett under heimesjukepleien i mange tilfeller, og då vil brukarane måtta ha tenestene uansett!

Ordføraren var derimot merkverdig ullen på kor nye omsorgsbustader burde plasserast, men synte m. a til at det burde vera råd å bygga opp eit tilfredsstillande tilbod på Hagahaugen, 3 kilometer unna Voss sentrum. – Det er stor trong for sentrumsnære omsorgsbustader, ordførar, og som haugamoar vil eg understreka at Hagahaugen ikkje er sentrumsnært, påpeikte leiar i Voss Venstre, Knut Olav Nestås.

Ytrefjord og Nestås

Foto: Avisa “Hordaland”/Daniel Melve Kvarme

Nestås var òg oppgitt over den nølande entusiasmen. – Er det i det heile tatt nokon i salen som er imot Udlabu-prosjektet, spurte Nestås, utan å få svar frå ei elles taus forsamling.

Venstre ynskjer omsorgsbustader i sentrum for å skapa gode aktivitetsmoglegheiter for brukarane. Hagahaugen er ikkje den mest eigna plasseringa med bakkar og terreng rundt. Udlabua er derimot ei tomt som ligg flatt til, og er elles nær handelssenter og sjukeheimen som har sine tilbod.

Venstre meiner også det er viktig å sleppa private aktørar til, dette vil skapa konkurranse om utbygging og gje oss nye, etterlengta omsorgsbustader innanfor kostnadseffektive rammer.

Knut Olav Røssland Nestås

Foto: Foto: Daniel Melve Kvarme/Avisa Hordaland

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**