Agder Venstre skal på Stortinget frå 2013

Agder Venstre vil ha minst éin stortingsrepresentant frå Agderfylka etter 2013, og gjerne to.
Nominasjonsnemnda har som målsetting å gjennomføre den mest opne og inkluderande nominasjonsprosess noe politisk parti i noe norsk fylke noen gong har gjennomført.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

 Helene Falch Fladmark ber om forslag til kven som skal bli stortingskollega med Trine Skei Grande

Helene Falch Fladmark ber om forslag til kven som skal bli stortingskollega med Trine Skei Grande
Foto: Jan Kløvstad

Her er brevet som er sendt alle lokallagsleiarar og folkevalte i dag. Det blir også sendt sms direkte til kvar enkelt medlem.

Til alle lokallagsleiarar

NOMINASJONEN FOR STORTINGSVALET 2013

Gode lokallagsleiar,
Velkomen til det spennande arbeidet med å legge grunnlaget for stortingsmandat for Venstre i Agder i 2013.

Nominasjonsnemdna er i gang med arbeidet sitt. Målet er å skape ei så god liste at vi får mandat i minst eitt Agderfylke. Det nye for oss i valet i 2013 er at fylkesårsmøtet har gitt nominasjonsnemnda mandat i å arbeide med eit identisk listeforslag i dei to fylka, jfr,. Utsendte papir før fylkesårsmøtet 4. februar i år. Målet med identiske lister er å vise at vi ser Agder under eitt og at vi vil finne den/dei beste uavhengig av fylkesgrensa. Etter fylkesårsmøtet blei lokallaga bedne om å kome med innspel om denne prosessen. Av dei lokallaga som har svart har Flekkfjord meldt at laget ønsker lister i kvart fylke som før, og Tvedestrand —der lokallagsleiar har ytra skepsis til identiske lister. Dei andre laga som har ytra seg har gått inn for ei identisk liste med dei same ti namna i aust og vest (Risør, Vegårshei, Arendal, Grimstad, Lillesand, Kristiansand, Mandal, Iveland, Birkenes, Songdalen (som har antyda mellomløysing med felles toppkandidat).

I nominasjonsnemnda sit Helene Falch Fladmark, Arendal, Melinda Kvinlaug, Kvinesdal, Solveig Nilsen, Kristiansand, Dag Jørgen Hveem, Risør, Øystein Haga, Grimstad, Trond Birkeland, Mandal og frå Unge Venstre Kathrine Hald Næss og frå Venstrekvinnelaget Torunn Sandvand.

Nominasjonsnemnda arbeider derfor ut frå eit mandat om å legge til rette for to identiske lister, og så er det dei to nominasjonsmøta i november (nemnda foreslår torsdag 22. november kl 1800) som suverent tar avgjerda om det blir ei sjølvstendig liste i kvart fylke eller to identiske lister.

Nominasjonsnemnda har også som målsetting å gjennomføre den mest opne og inkluderande nominasjonsprosess noe politisk parti i noe norsk fylke noen gong har gjennomført, jfr prinsipprogrammets pkt 7 om at all makt skal kome nedanfrå.

Arbeidsgangen framover blir:

Innan 1. mai 2012:
 Nemnda inviterer alle medlemmer til å kome med forslag til listekandidatar. Dette gjer vi både via lokallaga og i SMS direkte til kvar enkelt medlem. Forslaga treng ikkje å rangerast, men kom gjerne med forslag til toppkandidatar. Gjerne toppkandidatar frå både aust og vest. Svarfrist: 15.juni.

 Nominasjonsnemnda har møte tysdag 19. juni kl 1700 i Kongensgt 34, Kristiansand.
 Nominasjonsnemnda har møte onsdag 26. juni kl 1700 , med kandidatintervju
 Nominasjonsnemnda har møte tysdag 21. august kl 1700, med kandidatintervjua.
Innan 1.september 2012:
 Nemnda intervjuar aktuelle kandidatar i august/tidleg september.
Innan 22. september 2012 (veke 38)
 Nominasjonskomiteen inviterer til ope medlemsmøte i begge fylka der alle foreslåtte toppkandidatar kan presentere seg og svare på spørsmål. Møta bør vere i Arendal og Mandal. Om kapasitet bør dette filmast og leggjast ut på nettsidene.
Innan 20. oktober 2012:
 Nominasjonsnemndas innstilling vert sendt til alle medlemmer. Lista vert gjort offentleg.
 Fylkesstyret sendar ut innkalling til nominasjonsmøte. I høve vedtektene skal dette skje minst ein månad før nominasjonsmøtet.
Torsdag 22. november 2012:
 Nominasjonsmøte foreløpig fastsett laurdag 24. november. Nemnda går inn for å flytte dette til torsdag 22. november, Lillesand.
Innan 31. mars 2013:
 Fylkesstyret har ansvar for at lista blir innlevert til fylkeskommunen sitt valstyre med dei opplysningar, underskrifter og vedlegg som er nedfelt i vallova. Ansvar: Fylkessekretær Jan Kløvstad med underskrift frå to i kvart fylke.

Heimesidene og facebook/Agder Venstre vil bli fortløpande oppdaterte etter kvart som lokallaga kjem med forslag. Jo åpnare, jo betre!

Og da er neste etappe klar for lokallaga: kom med forslag til kandidatar innan 15. juni! Send forslaget til [email protected]

Beste helsing nominasjonsnemnda i Agder Venstre

Helene Falch Fladmark
leiar

Jan Kløvstad
Fylkesekretær og sekretær for nominasjonsnemnda

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**