Venstre ynskjer bygging av omsorgsbustader i privat regi

Skal det vera realistisk med bygging av omsorgsbustader på relativt kort tid, lyt kommunen ha hjelp av private aktørar. Venstre fremjer difor eit spørsmål til ordføraren om vidare oppfølging av saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstre meiner at det no må skjerast igjennom med utbygginga på Udlabutomta. I tråd med kommunen sin temaplan for omsorgstenester bør det difor etablerast omsorgsbustader på Udlabutomta snarast, bustader der det også er råd å få pleie og omsorg heile døgnet.

Jorunn Ytrefjord

Foto: Knut Olav Nestås

I neste kommunestyremøte vil difor medlem av utval for levekår, Jorunn Ytrefjord, og leiar av Voss Venstre, Knut Olav Nestås, stilla ordføraren følgande spørsmål: — Vil ordføraren ta initiativ til oppfylging av dette og såleis syta for at planane kan verta realiserte utan å leggja vesentleg band på økonomiplanen for dei komande åra?

— Me vart sjølve temmeleg overraska då me nyleg oppdaga at her også finst konkrete planteikningar for utbygginga. Planar for 16 einingar, fordelt på to høgder, og til ein prislapp på 41 millionar kroner. Difor undrar me: Når kommunen har grunnen, planane er klare, og tronga er udiskutabel — kvifor skjer her ingenting, spør Jorunn Ytrefjord.

Men: ut frå den økonomiske stoda kommunen er i, meiner Voss Venstre det ikkje er truleg at kommunen maktar utbygginga i eigen regi. Difor bør det opnast for privat utbygging, meiner Venstre.

Nestås

Foto: Foto: Daniel Melve Kvarme/Avisa Hordaland

— Og: når ingenting tyder på at kommunen sin økonomi vil betra seg næraste åra, skal me då la det gå seks nye år utan handling? Eller skal me la private aktørar konkurrera om utbygging, slik at dei etterlengta omsorgsbustadene endeleg kjem på plass? Om me tenkjer oss ei totalramme på 41 mill kr, så vil godt 8 millionar verta refundert som momskompensasjon. Prosjektet vil deretter kunna pårekna 10-11 mill kr i statlege tilskot, slik at den eigentlege finansieringstronga berre ligg kring 22-23 mill kr. Renter og avdrag på denne summen vil utbyggjaren greitt kunna få inn gjennom husleiga på dei framtidige omsorgsbustadene, seier Jorunn Ytrefjord og Knut Olav Nestås.

Les heile intervjuet i avisa «Hordaland» for torsdag 26.4.2012 her .

Ytrefjord og Nestås

Foto: Avisa «Hordaland»/Daniel Melve Kvarme

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**