– Til å ta lærdom av

Bergensarane vil ha trafikken ut av sentrum. For å unngå den store trafikkveksten frå vest ønskjer Bergen Næringsråd gode ringvegløysingar som kan føra trafikken utanom Nygårdstangen. Eit tiltak Fjell bør ta lærdom av, seier Tore Turøy.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


– Vi her i Fjell behøver ikkje repetera bergensarane sine gamle tabbar. Å føra trafikken utanom sentrum er eit miljøtiltak som vi fjellsokningar heller bør merka oss og ta lærdom av. Å redusera trafikkstraumen gjennom Straume mest mogeleg, til fordel for eit sørleg samband, vil vera eit tilsvarande tiltak som det Bergen Næringsråd no fremmar, seier Tore Turøy, Venstre sin representant i formannskapet i Fjell.

Har fått nok
Etter mang år som eksosfylt, nedstøva trafikkmaskin har bergensarane fått nok. Stadig større del av trafikken køyrer berre gjennom sentrum, utan å stoppa. Både kvaliteten på bymiljøet og trafikkavviklinga vil difor tena på at hovudtyngda av trafikken vert ført utanom sentrum, byrjar det politiske fleirtalet å semjast om.

– Det framstår som lite framtidsretta å pressa ein firefelts motorveg med tilhøyrande tilførselsvegar gjennom det komande regionsenteret Straume. Etter kvart som regionsenteret utviklar seg, vil ei slik løysing framstå som stadig meir uheldig, seier Turøy.

Opna for nye vurderingar
Det er i uttalen til Nasjonal Transportplan for 2014 — 2023 at Bergen Næringsråd fremmar forslaget om ringvegløysingar mot Sotra og Arna:

– Det er behov for å redusere sårbarheten i transportnettet og dempe trafikkstrømmene gjennom Bergen sentrum. Dette bør åpne for vurdering av nye ringvegkonsept i langt større grad, heiter det i uttalen frå Bergen Næringsråd.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**