Venstre vil ha ei grøn borgarleg regjering

Etter sju år med ei AP-dominert regjering vil Venstre ha regjeringsskifte for å endra den politiske kursen. Venstre ønskjer å delta i kursendringa, og då gjennom ei regjering av Venstre, KRF og Høgre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Ved komande Stortingsval garanterar vi for at ei røyst til Venstre vil vera ei røyst for meir av politikken til Venstre. Vi er mindre opptekne av kven som køyrer i dei fine svarte bilane, vi er opptekne av kva politikk som skal førast.

Logo Venstre, Høyre og KrF

Foto: Venstre

Venstre vil fokusera på vilkåra for læring og innhaldet i skulen framfor å påleggja lærarane nye forskrifter, rundskriv og kontrollskjema i eit stadig aukande omfang. Vi vil gje næringslivet rammevilkår som stimulerar til fornying og verdiskaping og norsk eigarskap framfor auka statleg eigarskap og skattlegging som favoriserar utanlandsk eigarskap. Vi vil auka forskingsinnsatsen monaleg framfor å halda fram med regjeringa sitt kvileskjær. Vi vil setja først dei barna som treng det mest. Vi treng ei heilt anna gjennomføringskraft for at t.d. rusavhengige blir handsama med respekt og verdigheit framfor handlingslamming. Vi vil ha ein inkluderande bustadpolitikk framfor ein politikk som ekskluderar mange av dei som vil eiga bustaden sin. Og vi vil hegna om personvernet framfor ei systemtru på overvåkingssamfunnet.

Vi treng ein berekraftig miljøpolitikk kor kraftliner vert kabla der konfliktane tilseier det, der utfordringane folketalsveksten i byane og rundt regionale senter må løysast av kollektivtrafikk og kor miljøtiltak er basert på forsking, framfor regjeringa sin politikk kor omsynet til eksport av kraft ut av landet veg tyngre enn miljøomsyna, kor løyvingane til samferdsle og kollektivtrafikk ikkje svarar på utfordringane vi har.

I dag har vi ei regjering som "ropar etter avløysing". Eit samrøystes landsmøte i Venstre slutta seg til partileiar Trine Skei Grande sitt syn om at den politiske avstanden til FRP, med mindre partiet "gir opp politikken sin", er for stor til at det er aktuelt med noko regjeringssamarbeid etter valet i 2013. Nokre få døme på dette er politikkområda miljø, økonomi, asyl, innvandring og integrering og kultur. Venstre sitt syn er at ein kan samarbeida med FRP og AP frå sak til sak, men ikkje regjera i lag med partia.

Ei veke før valet i 2009 dolka statsministeren dåverande venstreleiar, Lars Sponheim, i ryggen ved å trekkja i tvil Venstre sin garanti om at ei røyst til Venstre var ei røyst for å unngå ei regjering kor FRP deltok. Det nye er at landsmøtet no ønskjer at eit borgarleg fleirtal skal gje ei borgarleg regjering, sjølv om ikkje Venstre er med. Så får vi avventa kva veljarane vil.

Rolf Nesheim
Fylkesleiar Hordaland Venstre
906 62 861

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**