Erling Sande og Senterpartiet burde bruke energien på å få regjeringa til fylje opp klimaforliket før de begynner å kritisere Venstre. For det andre har den sitjande regjering, etter seks år, enda til gode å stemme for eit einaste av Venstre sine miljøforslag i Stortinget. Venstre har for eksempel foreslått en rekke tiltak for meir fornybar energi, betre støtteordningar for energieffektivisering i eigen bustad og en rekke andre klimatiltak, men utan hell. Venstre sitt gjennomslag for vår eigen politikk med den sitjande regjering er derfor praktisk talt null. Miljøpolitikken er tent med ny regjering av Venstre, KrF og Høyre etter valet i 2013. Ei slik regjering har ei rekke ulike mogelege samarbeidspartar, eksempelvis kan ein søke støtte frå SV eller Senterpartiet til gode miljø og klimaforslag. Venstre har gitt den sitjande regjering både tid og anledning til å ta et ansvar for miljøpolitikken i Norge. Men den sjansen tok dei ikkje. Om denne regjeringa ikkje vil ta det ansvaret, så får dei gi det frå seg. Venstre står klar til å ta over.
– Fylkesleiar Marit Barsnes Krogsæter – tlf. 909 98 121 –