– Dette er ikkje kva som kjem inn på mottaket for spesialavfall, men det Nordic Mining har tenkt å dumpe i Førdefjorden i samband med utvinning av rutil av Engebøfjellet i Naustdal. For nokre lokal- og rikspolitikarar høyrest ikkje dette så ille ut, i alle fall ikkje verre enn at det vert oppvega av den 180 arbeidsplassane som kanskje kjem ut av prosjektet. For oss i Venstre høyrest det ut som eit mareritt.
Dette er planlagt dumpa i Førdefjorden, som er verna gjennom å ha status som nasjonal laksefjord, med alle dei effektane det kan få på fjorden som rugekasse/ oppvekstmiljø for m.a. laks, torsk og kveite, er dette skremmande utsikter. Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Mattilsynet har samla gjeve høyringssvar med mellom anna desse punkta:
Dei frårår fjorddeponi dersom deponiet heilt eller delvis overlappar med gytefelt for torsk, kveite eller andre kommersielt viktige eller sårbare fiskeartar, eller der det er risiko for at deponering vil skade gytefelt eller evna fjorden har til å produsere fiskeyngel. Der det er risiko for alvorleg forureining i eller i randsona av nasjonale laksefjordar før ein ikkje tillate fjorddeponi. Det same gjeld dersom gruveavfallet har for høge verdiar av tungmetall.
Nordic Mining er så smarte at dei kallar dumpinga av massar for fjorddeponi. Deponi betyr at du lagrar materiale for å ta det i bruk seinare. Dette er ikkje deponi av massar, dette er dumping av avfall. Massedumpinga vil dekke heile 4,4 kvadratkilometer, og ligg rett ved inngangen til den nasjonale laksefjorden, og dekker heile Førdefjorden si breidde.
Førdefjorden ligg midt i det området som UNESCO omtalar som «the west fjord landscape» som står på verdsarvslista. Fjordlandskap er også rødlista som naturtype. Førdefjorden er ein av dei reinaste og mest artsrike fjordane i Noreg, og har tre lakseførande vassdrag deriblant Nausta som fleire år på rad er kåra til den beste lakseelva i Sogn og Fjordane.
Trine snakka om at manglande skøtsel av artsmangfaldet også er dårleg næringspolitikk. Kva trur de japanarane vil tru når dei står på merdane og sjekkar sushikvaliteten, og ser store fabrikkanlegg som pumpar kjemikalieblanda massar ned i fjorden. Og vil Vestlandsfjordane framleis vere eit reisemål i verdsklasse om dei er fylt opp av massar? Trond Giske; dette er dårleg næringspolitikk!
Venstre lokalt, regionalt og nasjonalt har sagt nei til fjorddumping. Dette forventar vi vert fulgt opp. Dumping i fjorden er eit gufs frå fortida, og må stoppast av omsyn til miljøet og dei oppvaksande generasjonane. Ta vare fjordane og fjordlandskapet!