Geir Arne Solheim ny leiar

Geir Arne Solheim er valt til ny leiar i Vågsøy Venstre etter Klaus Iversen. Klaus held fram som politisk nestleiar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Geir Arne er den einaste nye medlemmen i styret og kjem inn for Eva Playm Lund. Selma Strand Larsen vert organisatorisk nestleiar og Magnar Aasebø vert sekretær. Oddlaug Osmundsvåg held fram som kasserar.
– Vågsøy Venstre er eit lag med stolte tradisjonar og ein unik miks av nye krefter og folk med lang erfaring. Vågsøy Venstre har mange trufaste veljarar i kommunen og vi skal halde fram med å vere eit framtidsretta og ansvarleg parti i lokalsamfunnet. Samarbeidsklimaet i kommunen er svært bra i denne perioden, og vi vil legge mykje vekt på å halde fram dette gode samarbeidet. Til sjuande og sist er det innbyggjarane sitt beste vi er opptekne av, og vi oppnår best resultat ved å jobbe saman med våre politiske kollega i alle parti, seier Geir Arne Solheim i Vågsøy Venstre.
Det er særskilt skulepolitikk, eldreomsorg, næringsutvikling og miljø/natur som har oppteke partiet i det siste, i tillegg til å ha bidrege i debatten kring plassering av framtidig E39 i Nordfjord. Ein av dei tunge sakene framover vert spørsmålet om vindmøllepark i Vågsvågen, der ein kjem i ein politisk situasjon der naturinteresser kolliderer med nærings- og klimainteresser.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**