Venstre vil revidera prisane for leige av kulturhuset

Venstre vil stimulera det lokale musikk- og organisasjonslivet til å nytta kulturhuset meir. Då lyt me harmonisera leigeprisane, meiner Voss Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Det er viktig for kulturlivet i kommunen at ein har tilgang på aktuelle og høvelege lokale, seier Venstres representant i utval for miljø og kultur, Anne Jorunn Ryum Møen. – Husleigeprisane sprengjer råmene for kva som er mogleg økonomisk. Når kulturhuset i tillegg ikkje kan skilta med sitt eige lydanlegg, vert det for kostbart. Venstre er uroa over denne utviklinga, held Ryum Møen fram.

Bibliotek

Foto: Microsoft

Venstre føreslå difor på MKU-møtet at utleigeprisane for lokale lag skulle gåast gjennom på nytt. Men ingen av dei andre politiske partia støtta dette framlegget. Under budsjettforhandlingane i desember 2011 kom Venstre og KrF med framlegg om å løyve 500.000 til lydanlegg i tillegg til å ta opp eit lån på 1 mill. Dette vart også nedstemt av dei raudgrøne samarbeidspartia. Venstre er misnøgde med dette, fordi eit meir funksjonelt kulturhus vil òg kunna auka inntektsnivået, noko som vil bidra til å gjera huset sjølvfinansierande.

– Me lyt sørgja for at det vert husleigeprisar som fleire kan leva med, samstundes lyt me investera i basalt utstyr slik at ulike leigeaktørar finn huset brukande, avsluttar Anne-Jorunn Ryum Møen.

Voss Kulturhus

Foto: Knut Olav Røssland Nestås

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**