Ver med å avgjera Stortingsvalslista

Venstres lokallag i Sunnhordland inviterar til felles møte på Stord. Der kandidatene til topplassering på Stortingsvallista for 2013 kjem.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Valg 2011

Den 19. April, kl. 18.00-2030 vert det avholdt prøvenominasjonsmøte for Venstres lokallag i Sunnhordland. Dette er eit nytt konsept som Venstre prøver ut, og som skal gje folk større mogelegheit til å vera med i nominasjonsprosessen rundt val av kandidater på Stortingslistene.

I takt med tidens ånd tar Venstre grep om å visa meir innsyn og openheit ovenfor offentlegheiten. Venstre tar grep der andre preiker, og gjer handling ut av ord. Så no vert det ein ganske nyvinnande måte for oss å velja kandidatar på, inspirert av den amerikanske modellen. Møtet i Sunnhordland er det første møtet i denne prosessen, etter oss følgjer Unge Venstre og så Bergen Venstre.

Møtet er ope for ALLE, medlemmer av Venstre vert sterkt oppmoda om å møte. Dette møtet har som funksjon å vera med å avgjere kven som vert å toppa lista for Hordaland Venstre ved stortingsvalet 2013. Møtet vert heldt på Stord Rådhus. Dette møtet er ope for presse, interesserte, medlem av Venstre og ikkje-medlem. I god ånd om openheit og innsyn.
Møtet vil bestå av introduksjon, debatt og spørsmålsrunde, før ein avsluttar med røysting på kandidatane.

Røytinga vil skje ved at kvart medlem av Venstre mottar ein lapp der dei skal rangere dei 4 kandidatane i prioritert rekkefølgje med 4, 3, 2 eller 1 poeng. Dette vert summert opp på slutten av møtet.

Kandidatene som stiller, og som møter til debatt er;
Terje Breivik
Tidlegare generalsekretær i Norges Venstre og tidlegare ordførar i Ulvik. Nestleiar Venstre.
Anders Skoglund
Bystyrerepresentant og tidlegare gruppesekretær, Bergen Venstre.
Åsta Årøen
Leiar av Noregs Venstrekvinnelag og bystyrerepresentant Bergen.
Trond Gullaksen
Konsernsjef i Optimum og medlem i Bergen Venstre.
Erlend Andreas Horn
Bystyrerepresentant Bergen Venstre og styremedlem Hordaland Venstre.
Idun Bortne
Bystyrerepresentant Bergen Venstre.
Mona Haugland Hellesnes (kan ikkje møte til debatt)
Fylkesvaraordfører, tidlegare ordfører i Ulvik.

Thomas Anthun Nielsen vert debattleiar for møtet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**