Etterlyser innspel til Stortingsval-programmet

Er du oppteken av miljø, skule, velferd eller SMB-verksemder? Venstre sin programkomite til Stortingsvalet i 2013 vil gjerne ha dine innspel til korleis vi kan leva opp til mottoet «Setja folk først».

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Trine Skei Grande og Borghild Tenden vil gjerne ha selskap i Venstregruppa på Stortinget ved neste korsveg. Skal dei få det, må vi auka engasjementet på grasrota. Heile 15 prosent av veljarane har Venstre som andreval, ifølgje meiningsmålingane. Skal vi få dei til å stemma på oss, må vi gå til val på deira saker.

Grasrot-engasjement
Venstre sitt program til Stortingsvalet skal vera nytenkjande og framtidsretta. Vi skal laga ein grøn og liberal plattform som kan bidra til å løfta oss inn i regjering. Målet skal vi nå ved å visa at Venstre kan bidra til å løysa utfordringar i kvardagen. Samstundes må vi understreka at Venstre meiner alvor når vi seier at vi set folk først.

Inkluderande
Kva som skal vera Venstre sine fanesaker ved Stortingsvalet, skal avgjerast gjennom programarbeidet. Parti-organisasjonen kjører difor i desse dagar i gong eit omfattande arbeid som skal inkludera samtlege medlemmar.

Venstresaker
Fire tema er peika ut som overordna: Miljø, skule, velferd og vilkåra til små og mellomstore næringsverksemder. Er dette tema som fengjer deg, har du sjansen til å vera med å påverka den nasjonale politikken dei neste fire åra.

1. juni
-Programarbeidet er den viktigaste arenaen for innflyting og politikkutforming i organisasjonen. Vi håpar du vil delta i arbeidet, oppfordrar leiar Guri Melby i programkomiteen.

Hordaland har tre representantar i programkomiteen. Det er: nyvald leiar for Hordaland Venstre; Rolf Nesheim, Åsta Årøen og Sveinung Rotevatn.

Frist for innspel til førsteutkast til programmet er sett til 1. juni i år.

Du kan lesa meir om Venstre sitt programarbeid på www.venstre.no/program2013

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**