Gründerar og innovatørar – stå fram!

Kvifor har ikkje kommunestyret på Voss − som ynskjer nye bedrifter, fleire gründerar og auka nyskaping − prioritert desse tilstrekkeleg gjennom m. a kraftfondsmidlar det siste tiåret? Relevant spørsmål, med fleire moglege svar, alt etter kven du spør. Her er eit forsøk på ei ærleg vurdering.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Brosjyrebilde 2011: Småbedrifter

Foto: Venstre

Utval for nærings- og tiltaksarbeid vedtok før i år vedtekter for tildeling av kraftfondsmidlar. Dei same vedtektene vart seinare også vedtekne i kommunestyret. Tankegangen i dei «nye» vedtektene er på ingen måtar revolusjonerande, dei inneheld stort sett dei same intensjonane som har vore ynskt av ulike politikarar i fleire år allereie.

Men det er ikkje vedtektene som er utfordringa! Det er manglande politisk prioritering som har gjort at dei mange gode intensjonane ikkje har vorte følgt godt nok opp så langt, som er utfordringa. Skal me prioritera nyskaping knytt opp mot nye bedrifter og eksisterande bedrifter som vil ha utvikla noko nytt, ja så er det eit val og det lyt vera semje om eit slikt val politisk. Det er ikkje nok med gode intensjonar, for tru meg: det går inflasjon i gode intensjonar i eit kvart politisk parti!

Penger, økonomi

Foto: Microsoft

Eit konkret og relevant spørsmål: Vil dei nye vedtektene kunna hindra politikarar i mellom anna å halda fram vidare stønad av Voss Eigedom til dømes, som jo då vert prioritert framføre nyskaping og innovasjon? Etter alt å døma er svaret nei. Nye formuleringar i dei nye vedtektene legg opp til at m. a Voss Eigedom kan finansierast vidare ved hjelp av kraftfondsmidlar.

Eg skal koma med ei oppmoding til alle dei som har ein idé, og kanskje til og med ein forretningsplan og vurderer å starta ei ny bedrift, eller kanskje til bedrifter som ynskjer å testa nye produkt: søk kraftfondet om midlar! Gje oss gode argument for kvifor me skal prioritera nettopp dykk. Gje utvalsmedlemer som prioriterer anna enn ein gründer, nyskaping og innovasjon dårleg samvit!

Lommebok, penger

Foto: Microsoft

Eg kan garantera at Venstre ikkje er representerte i utval for nærings- og tiltaksarbeid for å søkja konsensus og konformitet, men me treng gode argument for å prioritera nettopp deg. Venstre skal prioritera nyskapande bedrifter, resten er opp til deg!

Lukke til!

Beste helsing

Knut Olav Nestås

Leiar Voss Venstre og representant i utval for nærings- og tiltaksarbeid

Nestås

Foto: Foto: Daniel Melve Kvarme/Avisa Hordaland

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**