Fjell Venstre sin representant i formannskapet fryktar at høgresida i Fjell har urealistiske ambisjonar på vegne av privatbilismen. Ved å stå på krava kan dei koma til å forlengja kø-marerittet for Sotra-strilane.
Tydelege signal
– Signala frå omverda er ikkje til å ta feil av. Kollektivtrafikken skal utgjera ryggraden i framtidas byar. Bergen kommune, Samferdselsministeren sin omtale av ny, Nasjonal Transportplan, ja sjølv Erna Solberg og Høgre sitt gjeldande Stortingsprogram støttar opp under dette prinsippet. Dette må vi som politikarar i Fjell ta inn over oss, elles risikerer vi at dei knappe midlane istaden går til andre prosjekt som er meir i samsvar med dei nasjonale målsetjingane, seier Turøy.
Halvvegs til målet
Byrådet i Bergen vedtok sist veke at kollektivtrafikken må prioriterast i det nye sambandet. Vedtaket kan kombinerast med ei ny firefelts bru, men ikkje med planane for det tilhøyrande vegnettet på bysida, i følgje Statens vegvesen. Som alternativ held Byrådet "Konsept J", med ei tofelts bru, for ei akseptabel løysing.
– Konsept J tilseier ein ny, tofelts veg mellom Knarrevik og Kolltveit. Denne tilsvarar framlegget til strakstiltak for kollektivtrafikken. Reguleringsplanen for ei slik løysing føreligg alt. Her er det berre å søkja om midlar, slik dei for lengst har gjort på bysida, seier Turøy.
Regjeringa og NTP
Vedtaket i Byrådet i Bergen speglar måla i Regjeringa sitt miljøprosjekt "Framtidas byar" der Bergen er ein av deltakarane.
Føringane i utkastet til ny, Nasjonal Transportplan er heller ikkje til å misforstå, meinar Turøy: Hovudvegsystemet må gå utanom lokalsamfunn, sentre og knutpunkt. I dei største byområda må kollektivtrafikk, gåing og sykling ta veksten i persontransporten. Gode kollektive løsninger og tiltak som legg til rette for gåing og sykling skal prioriterast. Staten må gje økonomisk rom for kommunar og fylkeskommunar til å byggja ut sin del av kollektivtrafikken, samtidig som det må innførast restriktive tiltak mot den private biltrafikken.
God høgrepolitikk
Auka satsing på kollektivtrafikk er også i ferd med å vert god Høgrepolitikk. Erna Solberg gjekk 7. februar i år ut i Dagens Næringsliv og skulda Regjeringa for å vera ein bremsekloss for utbygging av kollektivtrafikk i og rundt dei store byane. Det kunne den blå partileiaren gjera under henvising til partiet sitt gjeldande Stortingsprogram.
– Underleg at partifellene hennar her vest ikkje har fått med seg dette, seier Venstre sin representant i formannskapet i Fjell.