Historisk dag i kontrollutvalet i fylkestinget

For første gong i historia er møtet i fylkestingets kontrollutval åpen for alle som vil høyre på.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Venstre møtte for første gong i nemnda i januar og bad om sak 6. mars om å åpne møta. 6. mars stilte Jan Kløvstad frå Venstre forslag om åpne møte, og det blei einstemmig vedtatt. Frå og med 28. mars kl 0900 er kontrollutvalsmøta i Aust-Agder fylkesting åpne for alle.

Dei fleste partia snakkar om kor viktig det er å ha åpne møte, at alle skal kunne følge med, at alle skal få vite kva som skjer. Men i praksis ser vi at det først er når Venstre er tilstades at møta verkeleg blir åpne.

Skal vi som folkevalte få tillit må vi også vere åpne og tilgjengelege. Derfor kjempar Venstre for åpne møte i alle kontrollutval, og i alle andre samanhangar.Pål Koren Pedersen, Venstre, har hatt interpellasjon i Arendal bystyre for å skjerpe inn at kommunale foretak har same ansvar for å vere åpne som alle kommunale utval og institusjonar. Så nå er det mogleg å få lese både innkalling og referat også frå havnestyret i Arendal. Det var det ikkje før Venstre tok opp saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**